Mohamed Béavogui
Mohamed Béavogui (fødd 15. august 1953 i Porédaka i Guinea) er ein guineansk diplomat og politikar som var fungarende statsminister i Guinea frå 6. oktober 2021 til 17. juli 2022.
Mohamed Béavogui | |||
| |||
Fødd | 15. august 1953 (71 år) Porédaka | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Guinea | ||
Yrke | diplomat, politikar, premierminister | ||
Utdanna ved | Université Gamal Abdel Nasser de Conakry | ||
Barn | Aissata Béavogui | ||
Alle verv |
Bakgrunn
endreBéavogui har studert ved Gamal Abdel Nasser-universitetet i Conakry, ved Det statlege polytekniske universitetet i St Petersburg i det dåverande Sovjetunionen og ved Harvard University i USA.[1]
Karriere
endreFrå 1982 til 1986 arbeidde Béavogui i Nigeria før han blei tilsett som konsulent i SNs organisasjon for ernæring og landbruk (FAO). I 2001 blei han utnemnd til regiondirektør for Vest- og Sentral-Afrika i Det internasjonale fondet for jordbruksutvikling (IFAD), ein jobb han hadde til 2011. I oktober 2011 blei han avdelingsdirektør og seniorrådgjevar for IFAD-presidenten. I 2015 blei han direktør i African Capacity Building Foundation.[2]
Statskuppet i 2021
endreDen 5. september 2021 blei den valde presidenten i Guinea, Alpha Condé, styrta ved eit statskupp støtta av dei militære og president Condé blei arrestert. Leiar for spesialstyrkane i Conakry, oberst Mamady Doumbouya, blei 1. oktober 2021 teken i eid som ny president, og han utnemnde 6. oktober Mohamed Béavogui til fungarende statsminister.[3] Ei rekkje land har tatt avstand frå, eller fordømt, kuppet og har kravd at Alpha Condé skal bli sett fri.
Béavogui blei avsett 17. juli 2022 etter å ha blitt erklært ueigna på grunn av sin helsesituasjon.[4] Han blei erstatta av Bernard Goumou.[5]
Kjelder
endre- ↑ «Mohamed Béavogui | Feed the Future Innovation Lab for Markets, Risk and Resilience». basis.ucdavis.edu.
- ↑ «Ces Guinéens qui nous rendent fiers – Mohamed Béavogui, DG de " African Risk Capacity " et S/G adjoint des Nations Unies – Guinéenews©» (på fransk). guineenews.org. Arkivert frå originalen 8. oktober 2021. Henta 17. april 2022.
- ↑ «Guinea military government names Mohamed Beavogui as PM | News». Al Jazeera. 7. oktober 2021.
- ↑ «Guinée: Bernard Goumou confirmé à la tête du gouvernement» (på fransk). www.jeuneafrica.com. 21. august 2022.
- ↑ «Guinea junta makes interim prime minister Gomou’s appointment permanent». www.alarabiya.net. 21. august 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Mohamed Béavogui» frå Wikipedia på bokmål, den 9. oktober 2024.