Berner Skeibrok

Norsk gardbrukar og politikar

Berner August Berntsson Skeibrok (fødd 2. januar 1882) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Lista.

Berner Skeibrok
Fødd 2. januar 1882
Lista

Skeibrok var son til ein gardbrukar. Sjølv var han i 1900/01 elev ved Kystartilleriets underoffisersskule i Kristiansand før han reiste til Nord-Amerika. Åra 1907-12 dreiv han eiga forretning i Brooklyn i New York. Han reiste i 1912 tilbake til Lista, der han slo seg ned som gardbrukar i Kjørrefjord.

Frå 1916 var Skeibrok medlem i Lista heradsstyre, ordførar 1925-31 og på ny i 1948. Han var også forlikskommissær, medlem i liknings- og overlikningsnemnda og hadde elles fleire andre kommunale tillitsverv i Lista herad.

Skeibrok representerte i tida 1931-45 valkrinsen Vest-Agder og partiet HøgreStortinget, heile tida var han medlem i Landbrukskomiteen.

KjelderEndra