Bernhard Færøyvik
Bernhard Færøyvik (17. januar 1886–26. oktober 1950) var ein norsk båtgranskar og kysthistorikar. Han vart fødd i Solund i Sogn og døydde i Bergen.
Bernhard Færøyvik | |
Ukjent fotograf. | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 17. januar 1886 |
Død |
26. oktober 1950 (64 år) |
Yrke | historikar |
Han tok artium i Bergen 1909, krigsskulen i 1910 og eksamen ved Volda lærarskule 1912. Han var deretter lærar i Volda til 1917, ved Baldersheim middelskole, Bergen 1917-19 og overlærar ved Tanks skole, Bergen 1919-1947.
Det som har gjort Bernhard Færøyvik kjend er arbeidet hans med dokumentasjon av tradisjonelle bruksbåtar. Gjennom pressa og på andre måtar tala han for at musea måtte ta vare på dei gamle båtane. Han starta å reise rundt for å studere gamle båtar. Han målte opp og laga konstruksjonsteikningar av båtar, naust og reiskapar til båtbygging.
Han fekk etter kvart stønad slik at han kunne ta seg mykje fri frå arbeidet i skulen. I 1938 vart han utnemnd til statsstipendiat, og i 1947 vart han konservator ved Norske museers landsforbund, avdeling for sjøbruk.
Etter først å ha samla stoff om, teikna og fotografert båtar på Vestlandet, heldt han fram heilt til Murmanskkysten. Han studerte og båtar på elvar og innsjøar. I tillegg besøkte han Sverige og Finland. Før han døydde i 1950 var han på granskingsferd til Shetland.
Bernhard Færøyvik etterlet seg eit stort materiale. Kona hans Aletta og sonen Øystein Færøyvik ordna dette tilfanget. Det meste av Bernhard Færøyviks samlingar finn vi no på Norsk Maritimt Museum (tidlegare Norsk Sjøfartsmuseum).
I samlinga er det om lag 350 teikningar av båtar, reiskapar og anna som gjaldt ferdsla på sjøen. Han tok og meir enn 1000 fotografi og let etter seg 56 notatbøker med skisser og opplysningar. Han skreiv 22 store og små artiklar i tidsskrift og om lag 50 i dagspressa.
Bibliografi
endreBøker
endre- 1929 – Nordfjordbåten (Bergen: Norsk sjøfartsmuseum) I fulltekst ved nb.no [Norsk sjøfartsmuseums årbok, skrift nummer 6]
- 1929 - Sognebåten - Sognejekti: Norsk aarbok
- 1931 - Båtane i Sogn og Fjordane : eit yversyn: Bergen Sjøfartsmuseum. Årshefte
- 1934 - Sognebåten - Sognejekti: Tidsskrift utgitt av Historielaget for Sogn
- 1935 - Sunnmørsåttringen: Bergens sjøfartsmuseum. Årshefte
- 1939 - Fiskarsoga for Sogn og Fjordane. Bergen, 1939. (Medforfatter)
- 1943 - Fjørtoftbåtane: Bergens museums årbok. Historisk-antikvarisk rekke; 1943: 3
- 1944 - Råseglsjakterna i Norge: Föreningen Sveriges sjöfartsmuseum i Stockholm, årsbok
- 1979 – Inshore craft of Norway (Oslo: Grøndahl og Søn Forlag AS). ISBN 8250403738 I fulltekst ved nb.no [Etter manus av Bernhard Færøyvik og Øystein Færøyvik, redigert av Arne Emil Christensen]
I tidsskrift - eit utval
endreKjelder
endre- Øystein Færøyvik (1987). Vestlandsbåtar : frå oselvar til sunnmørsåttring. Oslo: Grøndahl og Dreyers forlag. ISBN 82-504-0857-8.
- Vestlandsbåtar : Frå oselvar til sunnmørsåttring. Av Øystein Færøyvik, bygd på granskingsarbeid etter Bernhard Færøyvik. Grøndahl, 1987. ISBN 82-504-0857-8
- Wikipedia på bokmål
Bakgrunnsstoff
endre- Nekrolog over Bernhard Færøyvik i Firda Folkeblad 30.10. 1950
- Om Bernhard Færøyvik i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane
- Norsk Maritimt Museum
- 2018 – Oselvarbåten : en vestlandsk kysttradisjon (Leikanger: Skald forlag). ISBN 9788279592839 [Tekst og foto: Hans Kr. Bukholm]
- Øystein Færøyvik. Bernhard Færøyvik - båtgranskaren: Frå Fjon til Fusa, årbok, 1999
- Aletta Færøyvik. Bernhard Færøyvik. bibliografi: Bergen Sjøfartsmuseum. Årshefte 1950
- Håkon Shetelig. Bernhard Færøyvik. minneord: Bergen Sjøfartsmuseum. Årshefte 1950
- Kristian Kielland. Bernhard Færøyvik er død: Verdens Gang, 1. november 1950