Bernhard S. Sannerud

norsk skolemann og politikar (V)

Bernhard Severin Sannerud (1. januar 18603. februar 1941) var ein norsk skulemann og politikar som representerte einmannskrinsen Flekkefjord og partiet Venstre på stortinget 1916-18.

Bernhard S. Sannerud

Fødd1. januar 1860
Furnes
Død3. februar 1941 (81 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, lærar
Alle verv
  • ordførar i Flekkefjord (1907–1910)
  • ordførar i Flekkefjord (1916–1918)
  • stortingsrepresentant (1916–1918) Sjå dette på Wikidata

Sannerud var fødd i Furnes i Hedmark, der far hans var gardbrukar, lærar og kyrkjesongar. Sjølv byrja han studere i 1880 og vart cand.philos. i 1883, samstundes var han privatlærar i Heddal i Telemark. Frå 1884 til 1918 var han lærar, seinare overlærar ved mellomskulen i Flekkefjord. Sidan var han styrar av kommunale høgre allmennskular i Eidsvoll 1918-26 og Drøbak 1927-30.

I Flekkefjord tok Sannerud aktivt del både i det offentlege og sivile samfunnslivet. Mellom anna var han formann i likningskommisjonen og i elektrisitetsverket. Han var medlem i bystyret frå 1898 til han flytta frå byen i 1918, ordførar i periodane 1907-10 og 1916-18. Stortingsperioden 1916-18 var han også stortingsmann frå Flekkefjord, medlem i Protokollkomiteen. Etter han var pensjonert var Sannerud medlem i formannskapet i Drøbak.

Kjelder endre