Bernt Bessesen
norsk prest og politikar
Bernt Tobias Bessesen (6. oktober 1802–18. oktober 1887) var ein norsk prest og stortingsmann.
Bernt Bessesen | |||
Fødd | 6. oktober 1802 | ||
---|---|---|---|
Død | 18. oktober 1887 (85 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | prest, politikar | ||
Alle verv |
|
Bessesen var frå Kristiansand, far hans var skipper. Sjølv vart han 1819 student frå Kristiansand skule, dei to neste åra var han huslærar hos Severin Løvenskiold i Fossum. I 1824 vart han cand. theol. og deretter eitt år styrar av Kongsberg skule. Sokneprest i Rennesøy 1826-39 og i Biri 1839-48. 1848-55 var han sokneprest i Nes i Akershus, og til sist, 1855-77 i Kvinnherad.
Bessesen var 3. representant for Stavanger amt på Stortinget i 1836 og på det overordentlege storting 1836-37. Han var medlem av justiskomiteen.
Han døydde i Kvinnherad i 1887.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Bernt Bessesen NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv