Bernt Lynge

norsk botanikar (1884–1942)

Bernt Arne Lynge (9. juli 188428. januar 1942) var ein norsk botanikar som var professor ved Universitetet i Oslo. Han var ein av verdas fremste kjennarar av lav.

Bernt Lynge

Fødd9. juli 1884
Lyngør
Død28. januar 1942
NasjonalitetNoreg
Yrkebotanikar, forfattar
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
BarnHanne Krafft Melvær
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Far til Lynge var kjøpmann i Lyngør. Sjølv vart han cand.real. frå universitetet i Kristiania i 1909. Allereie frå 1906 var han assistent i Botanisk hage i Oslo og i 1915 konservator ved Botanisk museum i Oslo, som akkurat hadde flytta til nye lokale i bydelen Tøyen.

År 1917 tok Lynge doktorgraden og frå august 1918 var han dosent i systematisk botanikk ved universitetet. I 1921 deltok han i Holtedahl-ekspedisjonen til Novaja Semlja. Våren 1935 vart Lynge utnemnd til professor i botanikk.

Lynge var med i Det Norske Videnskaps-Akademi og medlem i Tromsø Museum.

Kjelder endre