Tromsø Museum (etablert i Tromsø 16. oktober 1872) er eit norsk museum. Dei tidlegaste tankane om eit museum for Nord-Noreg frå 1840 resulterte i den første utstillinga for Tromsø amt i 1870, og fast etablering for Tromsø stift to år seinare i leigde lokale og seinare i nybygg i Muségata (1894). Museet gjev ut Tidsskriftet Ottar (1954–), og det flytta til Folkeparken (1961).

Tromsø Museum - Universitetsmuseet
Tromsø Museum
Fakta
Koordinater:
Etablert: 16. oktober 1872
Direktør Marit Anne Hauan Arkivert 2011-10-05 ved Wayback Machine.
Vitjande: 91 004 (2010)
Addresse: Tromsø Museum - Universitetsmuseet
Lars Thøringsvei 10
9037 Tromsø
Webside: Tromsø Museum - Universitetsmuseet
Kart

Museet vart 1. januar 1976 ein del av UiT Noregs arktiske universitet og fekk tilnamnet Universitetsmuseet. Sidan 1998 er museet med i «Museumsprosjektet» for utvikling av online-museum.

I 2005 har museet avdelingar for geologi, botanikk, zoologi, arkeologi, nyare kulturhistorie og samisk etnografi. Museet forvaltar i dag nordnorsk folkemusikksamling (leia av Ola Graff), Verdas nordlegaste arktisk-alpin botanisk hage (18 dekar), ei fotoutstilling på 50 000 objekt på internett, faste utstillingar som viser ein jordskjelvstasjon, arkeologi i Nord-Noreg, objekt frå nordnorske kyrkjer og to ulike samiske utstillingar, ei etnografisk og ei som skildrar dem moderne samiske (kultur)politiske rørsla. Museet har åtte tilsette og eigen butikk.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelde endre

  • Bokmålswikipediaen