Bernt Severinsen

norsk politikar

Bernt Severinsen (6. juni 18666. november 1935) var ein norsk arbeidsmann og polikar frå Løten i Hedmark, busett på Sætre i Hurum. Han var stortingsmann 1922-24 frå Buskerud for Høgre.

Bernt Severinsen
Fødd6. juni 1866
Død6. november 1935 (69 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar
Alle verv

Bernt Severinsen var son til ein jordlaus husmann. Sjølv arbeidde han i 1890-åra på papirfabrikken Granfos Brug i Bærum. Like etter år 1900 flytta han til Hurum, der han sidan var blyloddar på ein dynamittfabrikk.

I Hurum var Severinsen medlem av kommunestyret, ei tid også med sete i formannskapet. Gjennom stortingsvalet 1921 fekk han plass på Stortinget. «Han var ikke særlig aktiv på Stortinget, men var en drivende kraft i valgarbeidet» og vart tillagt ein del av æra for at partiet Høgre i 1921 vann tre av dei fem plassane i valkrinsen Buskerud. «Det sies at han ikke en eneste gang de tre årene på Stortinget grep ordet, men var desto mer aktiv i komitearbeidet.» Stortingsbolken 1925-27 var han fyrste varamann frå Buskerud.

Kjelder endre