Bertrand Gundersen
Bertrand Gundersen (29. mai 1854–1915) var ein norsl lærar, rektor og stortingsmann frå Drammen. Han var medlem av Venstre.
Bertrand Gundersen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 29. mai 1854 |
Død |
15. februar 1915 (60 år) |
Yrke | politikar |
Språk | norsk |
Politisk parti | Venstre |
Bertrand Gundersen på Commons |
Gundersen var son til ein skipper. Sjølv vart han student i 1872 og cand. mag. i 1881. Tida 1878-83 var han lærar ved privatskular i Kristiania. Frå 1883 til -92 dreiv han sin eigen privatskule i same byen. I 1892 flytta han til Bodø, der han var styrar av Bodø kommunale mellom- og handelsskole til 1909. Sidan var han rektor ved Skien skole.
Gundersen var formann i skulestyret i Bodø 1894-97, og ordførar i bystyret 1895 og 1897. Han gav ut fleire lærebøker og var eit par år redaktør av avisa Nordland. I 1911 vart han leiar av departementskomiteen vedkomande folkegymnasa.
Gundersen var Bodø og Narvik sin representant på Stortinget 1906-09. Han var medlem av protokollkomiteen.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914