Dvergbjørk
(Omdirigert frå Betula nana)
Dvergbjørk eller (fjell)rape (Betula nana) er ein busk i bjørkeslekta.
Dvergbjørk | |
Dvergbjørk | |
Status | |
Status i verda: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Bøkeordenen Fagales |
Familie: | Bjørkefamilien Betulaceae |
Underfamilie: | Betuloideae |
Slekt: | Bjørk Betula |
Art: | Dvergbjørk B. nana |
Vitskapleg namn | |
Betula nana |
Dvergbjørka har lodne kvister og runde centimeterbreie blad. Busken vert halvmeterhøg, og veks i fjellet opp til 1570 moh. i Jotunheimen. Dvergbjørka er vanleg i fjellet, men ho finst òg i låglandet. Dvergbjørka veks heilt nord til Isfjorden på Svalbard.
Ho har same kromosomtal som hengjebjørk, 2n=28, og dannar hybrid både med denne og med dunbjørk.
Kjelder
endre- Johannes Lid Norsk og svensk flora Det Norske Samlaget 1974 ISBN 82-521-0297-2
- Olaf I. Rønning: Svalbards flora ISBN 82-90307-04-7
Bakgrunnsstoff
endre Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Dvergbjørk