Bevatron
Bevatron er ein protonsynkotron på 6,4 GeV i Berkeley i California. Han vart teken i bruk i 1954, og var den gong den største partikkelakseleratoren i verda. Han var den første akseleratoren som hadde høg nok energi til å produsere antiproton. Forstavinga beva er danna av billion med amerikansk tyding 109, altså giga. Akseleratoren vart i 1970-åra ombygd og samankopla med akseleratoren SuperHILAC til ein tungione-akselerator og kalla Bevalac. Denne vart i 1982 nytta til å akselerere uranion til ein energi på 1 GeV per nukleon eller 238 GeV per ion, ein rekord ved akselerasjon av tunge ion. Bevatron/Bevalac vart nedlagd i 1993.
Tungionekollisjonar ved høge energiar er sidan studerte ved akseleratorane AGS og RHIC ved Brookhaven National Laboratory og SPS og LHC ved CERN.
Kjelder
endre- bevatron. (06.02.2010) I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/bevatron
Bakgrunnsstoff
endre- History of the Bevatron Arkivert 2013-10-06 ved Wayback Machine.
- "The Bevatron" E.J. Lofgren historical retrospective account; excellent early pictures. Arkivert 2012-03-02 ved Wayback Machine.
- Pictures of the Bevatron
- Shutdown of the Bevatron Arkivert 2022-05-09 ved Wayback Machine.
- Bevatron Building Slated for Demolition
- Historic Atom Smasher Reduced to Rubble and Revelry