Opna hovudmenyen
Statue av Bharat Mata ved Kanyakumari, sørspissen av det indiske fastlandet.

Bharat Mata (hindi, frå sanskrit भारत माता, Bhārata Mātā) eller Moder India (sanskrit også भारताम्बा, Bhāratāmbā) er ei personleggjering av India og eit nasjonalsymbol for landet. Mor India har gjerne form som ei modergudinne, og minner mykje om gudinna Durga. Ho er som regel avbilda i ein safranfarga sari med eit indisk flagg, og i nokre høve saman med ei asiatisk løve.[1] Ho kan også framstillast saman med eit kart over India,[2] eller berre som eit kart.

Statue av Bharat Mata med løve i ein Durga-liknande positur.

HistorieEndra

 
Marmorkart over India ved Bharat Mata Mandir.

Førestillinga om Bhāratmātā voks fram saman med den indiske frigjeringsrørsla på 1800-talet. Eit skodespel av Kiran Chandra Bannerjee med tittelen Bhārat Mātā blei først framført i 1873.[2] Ein viktig song for rørsla og seinare den indiske nasjonalsongen, «Vande Mataram» - 'Eg priser dykk, moder' - blei innført gjennom Anandamath, Bankim Chandra Chatterji sin roman frå 1882.[3]

Det finst tempel til Gudinna i Varanasi, der Mahatma Gandhi opna Bharat Mata Mandir ved Mahatma Gandhi Kashi University i 1936, og i Haridwar, der tempelet blei bygd av Vishwa Hindu Parishad (VHP) og innvigd av dåverande statsminister Indira Gandhi i 1983.[4]

 
Bharat Mata-statue ved ein militærleir i Leh.

I tillegg er det sett opp statuar til henne fleire stader i landet. «Bharat Mata ki Jai’» ('Siger for Moder India') er offisielt motto for den indiske hæren.[5]

 
Bharat Mata av Abanindranath Tagore.

Framstillingar i kulturenEndra

Den bengalske kunstnaren Abanindranath Tagore avbilda Bhārat Mātā som ei safrankledd hindugudinne med fire armar som heldt Vedaene, risaks, ein bønekrans og eit kvitt klede i 1905.[6]

Hindidiktaren Sumitranandan Pant skildra Bharat Mata i eit dikt med same namn som lik ei undertrykt landsbykvinne, med elvane Ganges og Yamuna forma av tårene hennar.[2]

I 1957 hadde Mehboob Khan stor suksess med hindifilmen Mother India, der Nargis spelte ei fattig landsbykvinne og mor med mange gudinnekvalitetar.

Kunstnaren M.F. Husain opplevde store kontroversar for sitt måleri av ei naken kvinne over eit kart av India frå 2006. Bildet blei tolka som å visa Bharat Mata, og Husain blei rettsforfølgd og måtte reisa i eksil.[7]

KjelderEndra

  1. Visualizing space in Banaras: images, maps, and the practice of representation, Martin Gaenszle, Jörg Gengnagel, illustrated, Otto Harrassowitz Verlag, 2006, ISBN 978-3-447-05187-3
  2. 2,0 2,1 2,2 Sadan Jha, «The life and times of Bharat Mata». Manushi, Issue 142.
  3. Kinsley, David. Hindu Goddesses: Vision of the Divine Feminine in the Hindu Religious Traditions. Motilal Banarsidass, New Delhi, India. ISBN 81-208-0379-5. pp. 181-182.
  4. Lise McKean, «Bharat Mata: Mother India and Her Militant Matriots» i: John Stratton Hawley, Donna M. Wulff (eds.) Devī: goddesses of India. Motilal Banarsidass, 1998, ISBN 978-81-208-1491-2, p. 250-280.
  5. Vinay Kumar (2 October 2012). «It is Jai Hind for Army personnel». The Hindu (Chennai, India). Henta 8 October 2012. 
  6. Specters of Mother India: the global restructuring of an empire, Mrinalini Sinha, Zubaan, 2006, ISBN 978-81-89884-00-0
  7. Tapati Guha-Thakurta «MF Husain obituary», The Guardian (15 June 2011)