Vande Mataram
«Vande Mataram» ('Eg bøyer meg for deg, mor') er ein indisk fedrelandssong som har jamstilt status med nasjonalsongen «Jana gana mana», men ikkje er nasjonalsong.
Soge
endreTeksten blei skriven av den bengalske forfattaren Bankimchandra Chattopadhyay i 1876, i ei blanding av sanskrit og bengali. Han blei gjeven ut i 1882, i boka Anandmath. Han blei først framført i politisk samanheng i 1896, av nasjonalskalden Rabindranath Tagore.[1] Han brukte ein sjølvlaga melodi som danna utgangspunkt for dagens offisielle versjon. Songen har seinare vore sungen til ei rekkje ullike ragaer og andre melodiar.
«Vande Mataram», eller «Bande Mataram» på bengali, blei brukt som slagord av den indiske fridomsrørsla, og var dei siste orda til fridomskjemparen Matangini Hazra då ho blei skoten av kolonipolitiet. Eit tidleg forslag til indisk nasjonalflagg hadde «वन्दे मातरम्» (Vande Mataram) skrive inn. Innhaldet i songen gjorde han likevel problematisk som nasjonalsong for heile India. Songen framstiller India som ei gudinne, og er oppfatta som ei hylling til Durga. Då India fekk sjølvstende i 1947 fekk likevel ikkje «Vande Mataram» status som nasjonalsong, men blei gjeven status som «nasjonal song» på nivå med den offisielle nasjonalsongen «Jana gana mana». Berre dei to første versa, som hovudsakleg tek for seg venleiken til India, er tekne med i den offisielle songen.
Særleg indiske muslimar, men også kristne og sikhar, har vore kritiske til songen. Fleire muslimske lærde har kalla det sjirk (avgudsdyrking) å synga han, medan andre har hevda at å bøya seg for ei mor er eit teikn på respekt, ikkje tilbeding, og at det er uproblematisk å synga dei offisielle versa. Til India sitt femtiårsjubileum i 1997 gav den muslimske filmkomponisten A.R. Rahman ut eit album, Vande Mataram, med tolkingar og songar inspirerte av «Vande Mataram».
Tekst
endreOffisiell versjon
endre
Sanskrit वन्दे मातरम् |
Uttale Vande Mataram! |
Engelsk Mother, I salute thee! |
Fullstendig versjon
endre
सुजलां सुफलां मलयजशीतलाम् |
Engelsk (omsett av Sri Aurobindo) Mother, I salute thee! Glory of moonlight dreams, Who hath said thou art weak in thy lands Thou art wisdom, thou art law, Thou art Durga, Lady and Queen, In thy soul, with jewelled hair |
Bengali সুজলাং সুফলাং মলয়জশীতলাম্ কোটি কোটি কণ্ঠ কলকলনিনাদ করালে তুমি বিদ্যা তুমি ধর্ম, তুমি হৃদি তুমি মর্ম ত্বং হি দুর্গা দশপ্রহরণধারিণী শ্যামলাং সরলাং সুস্মিতাং ভূষিতাম্ |
Sjå òg
endreBakgrunnsstoff
endre- Tekst og framføring ved Know India, india.gov.in
- «Vande Mataram». Omfattande artikkel ved mustrad.org.uk (engelsk)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Vande Mataram» frå Wikipedia på engelsk, den 16. mai 2011.
- Fotnotar
- ↑ 1,0 1,1 National Song, Know India, india.gov.in