Biddya
Biddya (arabisk بديا) er ein palestinsk by i Salfit guvernement, 32 kilometer sørvest for Nablus og 16 km frå Salfit nord på Vestbreidda. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS) hadde Biddya eit folketal på 8 064 i 2007.[2]
Biddya | |||
بديا, Biddia, Bedia | |||
kommune | |||
Namneopphav: Bidieh[1] | |||
Land | Dei palestinske territoria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Salfit guvernement | ||
Koordinatar | 32°06′51″N 35°04′39″E / 32.11417°N 35.07750°E | ||
Areal | 13 428 km² | ||
Folketal | 8 064 (2007) | ||
Borgarmeister | Ramadan Shatat | ||
Biddya 32°06′51″N 35°04′39″E / 32.114166666667°N 35.0775°E | |||
Kart som viser Biddya.
| |||
Wikimedia Commons: Biddya |
Biddya ligg på vestryggen til ei sentral fjellkjede som går frå nord til sør på Vestbreidda. Han ligg 320 meter over havet. Den historiske vegen Nablus-Jerusalem går i nærleiken. Det ligg ein heilagdom for ein lokal, heilag mann, sjeik Hamdan, i byen.[3]
Historie
endreI 1596 stod Biddya (òg Beddia, Bedia, Bidya, Bedya og Bidieh) oppført i osmanske skattelister som ein del av Jabal Qubal nahiya i Nablus liwa. Han eit folketal på åtte hushaldningar og ein ungkar, alle muslimar. Landsbybuarane betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, oliventre, geiter og bikubar.[4]
Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja Beddia i 1870, og skildra han som ein «fjellandsby».[5] I 1882 skildra «Survey of Western Palestine» Bidieh som «ein mellomstor landsby med hus hovudsakleg av stein. Han er omgjeve av vakre lundar av svært fin, gammal oliven. Det er tydelegvis ein gammal stad. Vassforsyninga er cisterner hogde i stein.»[6]
I ei folketeljing i 1922 utført av Dei britiske mandatstyresmaktene hadde Biddya (kalla Bedia) eit folketal på 792, alle muslimar,[7] medan han i folketeljinga i 1931 hadde Biddya (inkludert Salita) 245 busette hus og eit folketal på 1026, framleis alle muslimar.[8] I 1945 var folketalet 1 360, alle arabarar, medan det samla landarealet var 13 466 mål, i følgje ei offisiell landmåling.[9] Av dette var 5 088 for plantasjar og irrigert land, 2 319 for korn,[10] medan 47 mål var klassifisert som utbygde område.[11]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Biddya» frå Wikipedia på engelsk, den 20. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Barron, J. B., red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestine.
- Conder, Claude Reignier; Kitchener, H. H. (1882). The Survey of Western Palestine: Memoirs of the Topography, Orography, Hydrography, and Archeology 2. London: Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Guérin, Victor (1875). Description Géographique, Historique et Archéologique de la Palestine. Vol 2:Samarie; pt. 2.
- Hadawi, Sami (1970). Village Statistics of 1945: A Classification of Land and Area ownership in Palestine. Palestinsk frigjeringsorganisasjon forskingssentral.[daud lenkje]
- Hütteroth, Wolf-Dieter; Abdulfattah, Kamal (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft.
- Mills, E., red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas (PDF). Jerusalem: Government of Palestine.
- Palmer, E. H. (1881). The Survey of Western Palestine: Arabic and English Name Lists Collected During the Survey by Lieutenants Conder og Kitchener, R. E. Transliterated and Explained by E.H. Palmer. Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Sharon, Moshe (1999), Corpus Inscriptionum Arabarum Palaestinae, Vol. II, B-C, BRILL, ISBN 978-90-04-11083-0
- ↑ Palmer, 1881, 226
- ↑ 2007 PCBS Census Palestinsk statistisk sentralbyrå. s. 112.
- ↑ Sharon, 1999, s. 235.
- ↑ Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 137.
- ↑ Guérin, 1875, s. 146
- ↑ Conder og Kitchener, 1882, s. 283-4
- ↑ Barron, 1923, Table IX, Sub-Nablus sanjak, s. 25
- ↑ Mills, 1931, s. 60
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 59
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 105
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 155