Biel internasjonale sjakkfestival

Biel internasjonale sjakkfestival er ei årleg sjakkturnering som har blitt arrangert i Biel i Sveits sidan 1968. Sjakkfestivalen har sjakkturneringar for sjakkspelarar på alle nivå. Sidan 1977 har hovudturneringa vore ei stormeister-turnering, med oftast svært sterk deltaking. Tre gongar har hovudturneringa vore intersoneturnering, i 1976, 1985 og 1993.

Magnus Carlsen fekk sin første siger i ei stor internasjonal turnering i hovudturneringa i Biel i 2007. Han deltok første gong i 2005, 14 år gammal, og kom greit frå det med 4 poeng på 10 rundar. Han blei deretter nr 2 i 2006, nr 1 i 2007, og nr 3 i 2008. Han deltok ikkje i 2009 og 2010, men vann turneringa i juli 2011.

Vinnarar av hovudturneringaEndra

År Vinnar Nasjon
1968 Edwin Bhend   Sveits
1969 Jan Timman   Nederland
1970 Predrag Ostojic   Jugoslavia
1971 Stanimir Nikolic   Jugoslavia
1972 Milan Vukic   Jugoslavia
1973 Milan Vukic og Janos Flesch   Jugoslavia,   Ungarn
1974 Bela Soos   Romania
1975 Miso Cebalo, John Pigott og David Parr   Jugoslavia,   Australia,   Australia
1976 Bent Larsen (Intersoneturnering)   Danmark
1977 Anthony Miles   Storbritannia
1978 Bent Larsen   Danmark
1979 Viktor Korchnoi   Sveits
1980 Yehuda Grünfeld   Israel
1981 Eric Lobron og Vlastimil Hort   Vest-Tyskland,   Tsjekkoslovakia
1982 John Nunn og Florin Gheorghiu   Storbritannia,   Romania
1983 Anthony Miles og John Nunn   Storbritannia,   Storbritannia
1984 Vlastimil Hort og Robert Hübner   Vest-Tyskland,   Vest-Tyskland
1985 Rafael Vaganian (Intersoneturnering)   Sovjetunionen
1986 Lev Polugaevskij og Eric Lobron   Sovjetunionen,   Vest-Tyskland
1987 Boris Gulko   USA
1988 Ivan Sokolov og Boris Gulko   Jugoslavia,   USA
1989 Vassilij Ivanchuk   Sovjetunionen
1990 Anatolij Karpov   Sovjetunionen
1991 Alexei Shirov   Latvia
1992 Anatolij Karpov   Russland
1993 Boris Gelfand (Intersoneturnering)   Kviterussland
1994 Viktor Gavrikov   Sveits
1995 Alexei Dreev   Russland
1996 Anatolij Karpov   Russland
1997 Viswanathan Anand   India
1998 Mladen Palac   Kroatia
1999 Jeroen Piket   Nederland
2000 Peter Svidler   Russland
2001 Viktor Korchnoi   Sveits
2002 Ilya Smirin   Israel
2003 Alexander Morozevitsj   Russland
2004 Alexander Morozevitsj   Russland
2005 Boris Gelfand og Andrei Volokitin   Israel,   Ukraina
2006 Alexander Morozevitsj   Russland
2007 Magnus Carlsen   Noreg
2008 Evgenij Alekseev   Russland
2009 Maxime Vachier-Lagrave   Frankrike
2010 Fabiano Caruana   Italia
2011 Magnus Carlsen   Noreg

BakgrunnsstoffEndra

Heimesida til Biel internasjonale sjakkfestival

KjelderEndra