Alexei Dmitrievich Shirov (fødd 4. juli 1972 i Riga) er ein sovjetisk, seinare latvisk og spansk Stormeister i sjakk. På Verdssjakkforbundet FIDE si ratingliste pr 1. januar 2009 var han rangert som nr 12 i verda med FIDE-rating 2745.

Alexei Shirov

AShirov10.jpg

Verkeleg namn latvisk Aleksejs Širovs, russisk Алексей Дмитриевич Широв
Statsborgarskap Spania
Fødd 4. juli 1972
Riga
Idrett sjakk
Tok del i

Sjakk-OL 1992, Sjakk-OL 1994, Sjakk-OL 1996, Sjakk-OL 1998, Sjakk-OL 2000, Sjakk-OL 2004, Sjakkolympiaden 2006, Sjakk-OL 2008, Sjakk-OL 2010, Sjakk-OL 2012, Sjakkolympiaden 2014, Sjakkolympiaden 2016

Alexei Shirov

KarriereEndra

Shirov vart verdsmeister for aldersklassa under 16 år i 1988, vart nr 2 i VM for juniorar (under 20 år) i 1990, og vart stormeister i sjakk også i 1990.

Shirov har vunne mange sjakkturneringar, mellom anna: Biel 1991, Madrid 1997 (delt førsteplass med Veselin Topalov), Ter Apel 1997, Monte Carlo 1998, Mérida 2000, to gongar vinnar av Paul Keres Internasjonale Minneturnering i Tallinn, Estland med sigrar i 2004 og 2005, og Canadian Open Chess Championship i 2005.

I 1998 var Shirov rata som nummer fire i verda. På grunnlag av ratingen vart han invitert til å spele ein tvikamp over 10 parti mot Vladimir Kramnik, for å avgjere kven som skulle få utfordre Garri Kasparov til ein kamp om verdsmeisterskapen i sjakk. Shirov vann kampen med to vinstar, ingen tap, og sju remisar.[1] Men planane om VM-kamp mot Kasparov vart aldri noko av, då det ikkje lét seg gjere å finansiere tvikampen. Då Kasparov i staden spelte VM-kamp mot Kramnik i 2000, gjorde Shirov gjeldande at tvikampen var ugyldig og at han var den rettmessige utfordraren.[2]

I 2000 nådde Shirov finala i FIDE si utslagsturnering om Verdsmeisterskapen i sjakk, men tapte tvikampen mot Viswanathan Anand.

I mai-juni 2007 spelte Shirov i Kandidatturneringa til Verdsmeisterskapen i sjakk 2007. Han vann første runde, ein tvikamp mot Michael Adams (+1-1=4, vann omkampen i hurtigsjakk), men vart slått ut då han tapte andrerundekampen mot Levon Aronian (+0-1=5).

I november-desember 2007 spelte Shirov i Verdscupen i sjakk 2007. Han kom til finalen, men tapte denne 2,5-1,5 mot Gata Kamsky.

Personlege tilhøveEndra

I 1994 gifte Shirov seg med Verónica Alvarez frå Argentina, og flytta til Tarragona i Spania, og vart etter kvart spansk statborgar. Han spelar framleis for Spania, men bur no i Latvia. Seinare har Shirov vore gift med, og også blitt skilt frå IM Viktorija Čmilytė, Litauen.

SpelestilEndra

Shirov er kjend for å spele angrepssjakk og for å søke etter komplikasjonar. Denne spelestilen har ført til at han blir samanlikna med landsmannen, den latviske verdsmeisteren i sjakk frå 1960-61 Mikhail Tal. Shirov studerte også sjakk med Mihail Tal då han var ung.

PartieksempelEndra

 
 
               
               
               
               
               
               
               
               
 
 
Stillinga etter 47. ... Lh3, eit trekk som stormeister John Emms set som nummer ein i boka si The Most Amazing Chess Moves of All Time

I Linares sjakkturnering i 1998 spelte Shirov svart mot seinare FIDE verdsmeister i sjakk Veselin Topalov og vann med eit offisersoffer i eit sluttspel med løparar og bønder.[3]

1.d4 Nf6 2.c4 g6 3.Nc3 d5 4.cxd5 Nxd5 5.e4 Nxc3 6.bxc3 Bg7 7.Bb5+ c6 8.Ba4 O-O 9.Ne2 Nd7 10.O-O e5 11.f3 Qe7 12.Be3 Rd8 13.Qc2 Nb6 14.Bb3 Be6 15.Rad1 Nc4 16.Bc1 b5 17.f4 exd4 18.Nxd4 Bg4 19.Rde1 Qc5 20.Kh1 a5 21.h3 Bd7 22.a4 bxa4 23.Ba2 Be8 24.e5 Nb6 25.f5 Nd5 26.Bd2 Nb4 27.Qxa4 Nxa2 28.Qxa2 Bxe5 29.fxg6 hxg6 30.Bg5 Rd5 31.Re3 Qd6 32.Qe2 Bd7 33.c4 Bxd4 34.cxd5 Bxe3 35.Qxe3 Re8 36.Qc3 Qxd5 37.Bh6 Re5 38.Rf3 Qc5 39.Qa1 Bf5 40.Re3 f6 41.Rxe5 Qxe5 42.Qa2+ Qd5 43.Qxd5+ cxd5 44.Bd2 a4 45.Bc3 Kf7 46.h4 Ke6 47.Kg1 Bh3!! (Sjå diagram - det mest fantastiske sjakktrekket som har blitt spela i følgje stormeister John Emms) 48.gxh3 Kf5 49.Kf2 Ke4 50.Bxf6 d4 51.Be7 Kd3 52.Bc5 Kc4 53.Be7 Kb3 0-1

SjakkbøkerEndra

Shirov har skrive to bøker om dei beste partia sine:

  • Shirov, Alexei: Fire on Board: Shirov's Best Games, Everyman Chess, 1995 ISBN 1-85744-150-8
  • Shirov, Alexei: Fire on Board, Part 2: 1997-2004, Everyman Chess,2005 ISBN 1-85744-382-9

KjelderEndra

  1. 1998-99 World Chess Council, Mark Week sine sjakksider
  2. Intervju ved Hartmut Metz, mai 2000, oversett til engelsk ved Harald Fietz
  3. [1]

BakgrunnsstoffEndra