Big Generator
Big Generator Studioalbum av Yes | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 21. september 1987 | |
Innspelt | 1985–1987 | |
Studio | List
| |
Sjanger | Poprock[1] | |
Lengd | 43:38 | |
Selskap | Atco | |
Produsent | ||
Yes-kronologi | ||
---|---|---|
9012Live: The Solos (1985) |
Big Generator | Union (1991)
|
Singlar frå Big Generator | ||
|
Big Generator er det tolvte studioalbumet frå progressiv rock-bandet Yes, utgjeve i september 1987. Bandet fortset med dette albumet dreiinga si mot meir konvensjonell rock og pop, noko som etterkvart skapte splid innover i bandet. Vokalisten Jon Anderson ynskte eit sterkare fokus på progressiv rock, og valde å forlate Yes etter Big Generator-turneen.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [2] |
Albumet kom på 15. plass på Billboard 200 i USA, og på 17. plass på UK Albums Chart i Storbritannia.[3]
Bakgrunn
endreBandet brukte over to år på å ferdigstille albumet, noko som skulda musikalske usemjer mellom Trevor Rabin, som ynskte meir kommersiell pop lik han på albumet 90125, medan Jon Anderson ville at bandet skulle vende tilbake til musikken dei vart kjent for på 1970-talet. Resultatet vart eit både kritikarmessig og salsmessig suksessfullt album, men utan verken noko episk verk av det gamle slaget, eller nokre kjempehit som «Owner of a Lonely Heart».
I sin søken etter den gamle Yes-stilen, slutta Anderson i bandet etter den påfølgjande turneen. Litt seinare fekk han med seg dei tidlegare Yes-kollegaene Steve Howe, Bill Bruford og Rick Wakeman og starta eit nytt band. Dei fekk ikkje lov å kalle seg Yes, sjølv om det strengt teke ikkje fanst noko Yes i 1988, så dei kalla seg ganske enkelt for Anderson Bruford Wakeman Howe.
Seinare slo dei to greinene av Yes seg saman med albumet Union.
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Rhythm of Love» | Kaye/Rabin/Anderson/Squire | 4:47 |
2. | «Big Generator» | Rabin/Kaye/Anderson/Squire/White | 4:33 |
3. | «Shoot High, Aim Low» | White/Kaye/Rabin/Anderson/Squire | 7:01 |
4. | «Almost Like Love» | Kaye/Rabin/Anderson/Squire | 4:58 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
5. | «Love Will Find a Way» | Rabin | 4:50 |
6. | «Final Eyes» | Rabin/Kaye/Anderson/Squire | 6:25 |
7. | «I'm Running» | Rabin/Squire/Anderson/Kaye/White | 7:37 |
8. | «Holy Lamb (Song for Harmonic Convergence)» | Anderson | 3:19 |
Medverkande
endre- Jon Anderson – vokal
- Chris Squire – bass, vokal
- Trevor Rabin – gitarer, vokal, keyboard
- Tony Kaye – Hammondorgel, Fairlight, Emulator, Synclavier og synthesizer
- Alan White – trommer, perkusjon, vokal
Andre medverkande
endre- Jimmy «Z» Zavala – munnspel, messingblåseinstrument
- Trevor Horn – messingblåseinstrument
- Greg Smith – messingblåseinstrument
- Nick Lane – messingblåseinstrument
- Lee Thornburg – messingblåseinstrument
- Greg «Frosty» Smith – messingblåseinstrument
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Big Generator» frå Wikipedia på bokmål, den 29. juli 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Allmusic.com
- Top Pop Albums 1955-2001, Joel Whitburn, 2002
- ↑ Welch 2008, s. 118.
- ↑ Ruhlmann, William. Big Generator på Allmusic. Henta 21. februar 2020.
- ↑ UK Albums Chart: Yes – Big Generator