Union av Yes
Studioalbum av Yes med ABWH
Språk engelsk
Utgjeve 30. april 1991
Innspelt 1989–1991
Studio
Sjanger Progressiv rock
Lengd 59:50 (LP)
65:23 (internasjonal CD)
69:52 (Europa, Japan)
Selskap Arista
Produsent
Yes med ABWH-kronologi 
Big Generator
(1987)
Union av Yes Yesyears
(1991)


Singlar frå Union
  1. «Lift Me Up»
    Utgjeve: April 1991
  2. «Saving My Heart»
    Utgjeve: July 1991
  3. «I Would Have Waited Forever»
    Utgjeve: 1991

Union er det trettande studioalbumet frå progressiv rock-banda Yes, utgjeve i april 1991. Intensjonen var ei samanslåing av Yes-delen med Chris Squire, Trevor Rabin, Tony Kaye og Alan White med Yes-delen som bestod av Jon Anderson, Bill Bruford, Rick Wakeman og Steve Howe som spelte saman som Anderson Bruford Wakeman Howe (ABWH). Dette skulle vise seg å bli vanskeleg, og det ber albumet preg av. Det var umogleg å samle alle medlemmane i same studio på same tid, og difor vart albumet spelt inn med «klippe og lime»-metoden. Yes-medlemmane leverte inn bidraga sine per post, og produsent Jonathan Elias fekk så hovudoppgåva å setje dette saman. Han henta òg inn ein heil del med studiomusikerar for å ferdigstille albumet.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2.5/5 stars[1]
Rolling Stone2/5 stars[2]

Albumet kom på 15. plass på Billboard 200 i USA, og på sjuandeplass på UK Albums Chart i Storbritannia.[3]

Bakgrunn endre

Både ABWH og Yes var i gang med innspeling av nytt material då plateselskapet forlangte større blest rundt Yes-namnet. Chris Squire kontakta Jon Anderson for å diskutere kva som kunne blir gjort, og ideen om å slå saman dei to banda til éit stort «mega-Yes» på åtte personar dukka snart opp. Det skulle bli ein vanskeleg prosess å få prosjektet i hamn, og sluttresultatet vart ikkje like godt motteke av musikarane. Rick Wakeman har sagt utalde gonger at han hatar albumet, og Steve Howe er nesten like misnøgt. Bill Bruford følte han var vorte lurt med inn i Yes igjen, og ville heller fortsetje innspelinga av eit reint ABWH-album (med arbeidstittel Dialogue).

Hovudprodusent Jonathan Elias har vorte kraftig kritisert for at han hyra inn så mange studiomusikarar, men i ettertid er det lett å forstå at det var naudsynt for i det heile å få ferdigstilt albumet. Førestillinga om åtte glade musikarar som samarbeider om eit meisterverk var berre ei førestilling. I realiteten var samarbeidt avgrensa til at det er Jon Anderson som er vokalist på alle spor, og dessutan at Chris Squire syng bakgrunnsvokal på eit par av «ABWH»-låtane.

Sjølv om Union fekk negative kritikkar og selde dårleg, vart det påfølgjande «storband»-turneen ein kjempesuksess som gav mange voner om store ting i framtida. Dette er det første Yes-albumet Billy Sherwood er involvert i, som produsent og studiomusikar. Han skulle seinare bli med i bandet som fulltidsmedlem ein kort periode. Etter at Union-turneen var over slutta Wakeman, Bruford og Howe, og dette er det siste Yes-albumet der Bruford medverkar. Howe og Wakeman returnerte til bandet i 1996. I januar 2011 vart Union Live, med opptak frå konsertar under Union-turneen, gjeve ut på CD og DVD.

Sporliste endre

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«I Would Have Waited Forever»Anderson, Howe, Elias6:32
2.«Shock to the System»Anderson, Howe, Elias5:09
3.«Masquerade»Howe2:17
4.«Lift Me Up»Rabin, Squire6:30
5.«Medout Hope You Cannot Start the Day»Anderson, Elias5:18
6.«Saving My Heart»Rabin4:41
7.«Miracle of Life»Rabin, Mancina7:30
8.«Silent Talking»Anderson, Howe, Wakeman, Bruford, Elias4:00
9.«The More We Live - Let Go»Squire, Billy Sherwood4:51
10.«Angkor Wat»Anderson, Wakeman, Elias5:23
11.«Dangerous (Look in the Light of What You're Searching For)»Anderson, Elias3:36
12.«Holding On»Anderson, Elias, Howe5:24
13.«Evensong»Levin, Bruford0:52
14.«Take the Water to the Mountain»Anderson3:10
Europeisk utgåve
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
15.«Give & Take»Anderson, Howe, Elias4:29

Medverkande endre

Hovedmusikarar endre

YES

ABWH

Studiomusikarar endre

  • Jonathan Eliassynthesizer, keyboard, vokal
  • Tony Levin – bass
  • Jimmy Haun – gitar
  • Billy Sherwood – bass, gitar, keyboard, vokal
  • Allan Schwartzberg – perkusjon
  • Gary Barlough – synthesizer
  • Jerry Bennett – synthesizer, perkusjon
  • Jim Crichton – synthesizer, keyboard
  • Gary Falcone – vokal
  • Deborah Anderson – vokal (dotter til Jon Anderson)
  • Ian Lloyd – vokal
  • Tommy Funderburk – vokal
  • Sherman Foote – synthesizer
  • Brian Foraker – synthesizer
  • Chris Fosdick – synthesizer
  • Rory Kaplan – synthesizer
  • Alex Lasarenko – synthesizer, keyboard
  • Steve Porcaro – synthesizer
  • Michael Sherwood – vokal (bror til Billy Sherwood)
  • Danny Vaughn – vokal

Salslister endre

Liste (1991) Plassering
Nederlandske album (MegaCharts)[4] 17
Tyske album (Media Control)[5] 15
Svenske album (Sverigetopplistan)[6] 32
Sveitsiske album (Schweizer Hitparade)[7] 16
Britiske album (OCC)[8] 7
US Billboard 200[9] 15

Kjelder endre

  1. Eder, Bruce. Union av YesAllmusic. Henta 22. februar 2020.
  2. Eddy, Chuck (1. juli 1991). «Yes: Union». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 15. september 2016. Henta 22. februar 2020. 
  3. UK Albums Chart: Yes – Union
  4. "Yes – Union". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 22. februar 2020.
  5. "Longplay-Chartverfolgung at Musicline". Musicline.de. Media Control. Henta 22. februar 2020.
  6. "Yes – Union". Swedishcharts.com. Hung Medien. Henta 22. februar 2020.
  7. "Yes – Union". Swisscharts.com. Hung Medien. Henta 22. februar 2020.
  8. "Yes | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 22. februar 2020.
  9. "Yes Album & Song Chart History" Billboard 200 for Yes. Prometheus Global Media. Henta 22. februar 2020.