Tony Kaye

britisk musikar

Tony Kaye (fødd Anthony John Selvidge11. januar 1946) er ein engelsk klaverspelar, mest kjend for tida si som pianist og organist i progressiv rock-bandet Yes i periodane 1968 til 1971 og 1983 til 1995. Kaye var den originale pianisten og organisten i Yes, og vart i 1971 erstatta av Rick Wakeman. Etter den første tida med Yes starta han prog-rockgruppa Badger. Seinare var han med på å starte banda Flash og Detective før han i 1981 spelte på det siste albumet til Badfinger. For tida spelar han i bandet Circa: som blant anna har med den tidlegare Yes-medlemmen Billy Sherwood. Både Kaye og Sherwood er òg med i bandet Yoso, saman med blant andre den tidlegare Toto-vokalisten Bobby Kimball.

Tony Kaye

Fødd11. januar 1946 (78 år)
FødestadLeicester i England
FødenamnAnthony John Selvidge
OpphavStorbritannia
Aktiv1968 til i dag
SjangerProgressiv rock, rock
InstrumentOrgel, tangentinstrument
Tilknytte artistarYes, Flash, Badger, Detective, Badfinger, Circa, Yoso
Verka sommusikar, pianist

Tidlege år, Yes og Badger endre

Han var med i ei rekkje jazzband1960-talet før han i 1968 vart invitert av Chris Squire til å bli med i eit nytt band han hadde starta, nemleg Yes. Kaye spelte på dei tre første albuma til Yes, Yes, Time and a Word og The Yes Album før han vart sparka fordi han ikkje ønskte å spele moderne synthesizerar og Mellotron, noko Wakeman var kjend for å gjere.

Saman med David Foster, som hadde skrive ein del songar saman med Yes, starta han i 1972 bandet Badger, som gav ut to album. Konsertalbumet One Live Badger i 1973 og White Lady i 1974. Han turnerte med David Bowie i 1975 og 1976, og vart så med i bandet Detective. Dei gav ut albuma Detective og It Takes One To Know One i 1977 og dessutan ei promo-plate kalla Live from the Atlantic Studios i 1978.

Badfinger, Detective og Cinema/Yes endre

Kaye hadde no flytta til Los Angeles, og vart med Badfinger på turné i 1979. Han var òg med å spele inn albumet Say No More med bandet i 1981. Då Badfinger la bandet på is i 1982 var Kaye usikker på om han skulle fortsetje vidare som soloartist, eller takke ja til invitasjonen frå Chris Squire om å bli med i eit nytt band han kalla Cinema. Dette bandet hadde òg Alan White på trommar og Trevor Rabin på gitar. Han valde å bli med i Cinema, og vart dermed i 1983 med på å gjenopplive Yes då Jon Anderson kom med i bandet.

Etter fire album og tolv år til med Yes, slutta han. Han tilbaud seg å hjelpe til i kulissene dersom dei trong han, men det vart ikkje noko av. Han jobba ikkje noko særleg i musikkbransjen på slutten av 1990-talet, men dei siste åra har han vore med på prosjekt som The Neil Deal, eit hyllest-band til ære for Neil Young, og han er for tida med i bandet Circa: som han har gjeve ut to album saman med. I 2008 var han igjen på turné med Badfinger.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre