«Bigger than Us»
Song av Michael Rice
Land Storbritannia
Språk Engelsk
Utgjeve 8. mars 2021
Sjanger Pop, ballade, neosoul
Lengd 03:04
Selskap Spinnup
Tekstforfattar Laurell
Låtskrivar(ar) Laurell Barker, Anna-Klara Folin, John Lundvik, Jonas Thander

«Bigger than Us» (norsk 'større enn oss') er ein britisk popsong frå 2019, skriven av Laurell Barker, Anna-Khara Folin, Jonas Thander og John Lundvik. Han vert framført av songaren Michael Rice. Songen vann BBC-tevlinga Eurovision: You Decide 8. februar 2019 og var det britiske bidraget i Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel.[1] Der enda songen på sisteplass; den fjerde sisteplassen til Storbritannia i Eurovision Song Contest.

Michael Rice framfører «Bigger than Us» under ei av prøvene i Tel Aviv i 2019.

Bakgrunn

endre

«Bigger than Us» var blant bidraga i songtevlinga Eurovision: You Decide på BBC i februar 2019. Eit dommarpanel og tv-sjåarane valde songen til vinnar. «Bigger than Us» skulle i utgangspunktet ha delteke i Melodifestivalen 2019, framført av songaren John Lundvik. Til slutt valde Lundvik ein annan song og sende i staden «Bigger than Us» inn til Eurovision: You Decide.[2]

Lundvik stilte opp i Melodifestivalen 2019 med songen «Too Late for Love» og vann tevlinga. Dimed konkurrerte Lundvik mot sin eigen song, «Bigger than Us», i Eurovision Song Contest 2019.[3]

«Bigger than Us» deltok i finalen av Eurovision Song Contest laurdag 18. mai 2019 i Expo Tel Aviv. Songen hadde startnummer 16 i finalen, og avslutta på sisteplass med 11 poeng.[4][5] Dette var fjerde gongen Storbritannia enda sist i tevlinga.[6] Songen tok seg heller ikkje inn på den britiske singellista. Dette var fyrste gong på 55 år at eit britisk bidrag ikkje kom inn på singellista.[7]

Kjelder

endre
  1. «Find out how YOU can decide who represents the UK at Eurovision in 2019 …» (på engelsk). 8. februar 2019. Henta 23. februar 2019. 
  2. «SVT tvingade John Lundvik att byta låt». Henta 7. mars 2019. 
  3. «John Lundvik vann Melodifestivalen» (på svensk). 9. mars 2019. Henta 10. mars 2019. 
  4. «Eurovision 2019: This is the running order of the Grand Final!». EBU. 16. mai 2019. Henta 17. mai 2019. 
  5. «Storbritannia i Eurovision Song Contest». EBU. mai 2019. Henta 24. mai 2019. 
  6. «United Kingdom's Michael Rice finishes in last place at Eurovision» (på engelsk). 18. mai 2019. Henta 24. mai 2019. 
  7. «Eurovision: Where every UK entry has reached on the Official Singles Chart» (på engelsk). Henta 24. mars 2020.