Too Late for Love

«Too Late for Love»
Song av John Lundvik
Land Sverige
Språk Engelsk
Utgjeve 23. februar 2019
Sjanger Pop, soul
Lengd 02:58
Selskap Warner Music Sweden
Komponist John Lundvik
Tekstforfattar John Lundvik
Låtskrivar(ar) John Lundvik, Anderz Wrethov, Andreas «Stone» Johansson

«Too Late for Love» (norsk 'for seint for kjærleik') er ein svensk popsong frå 2019 med den svenske songaren John Lundvik. Han vart framført for fyrste gong under Melodifestivalen i 2019, der han kvalifiserte seg til finalen laurdag 9. mars 2019.[1] Songen er den fyrste singelen til Lundvik sidan «My Turn» og nådde fyrsteplass på den svenske Sverigetopplistan i mars 2019. «Too Late for Love» vann til slutt Melodifestivalen og var det svenske bidraget i Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel, der han enda på femteplass. Blant songane som deltok der, var det britiske bidraget «Bigger than Us», som òg var skriven av Lundvik. I utgangspunktet skulle Lundvik sjølv framføre denne låten i Melodifestivalen, men etter sterkt ønske frå SVT bytte han låt.[2][3]

Melodifestivalen

endre
 
Lundvik og gruppa The Mamas under prøvene til semifinale 2 i Eurovision Song Contest. Foto: Martin Fjellangar, Eurovision Norway, EuroVisionary

«Too Late for Love» vart send inn til Melodifestivalen 2019, og var eit av 28 bidrag som vart plukka ut til å delta i den svenske tevlinga. «Too Late for Love» deltok i den fjerde semifinalen i Sparbanken Lidköping Arena i Lidköping laurdag 23. februar 2019. Der kvalifiserte han seg til finalen i Friends Arena i Stockholm 9. mars 2019. I finalen fekk «Too Late for Love» toppoeng frå alle jurygruppene og vann telefonavrøystinga, og dimed Melodifestivalen samanlagt.

Eurovision Song Contest

endre

Som vinnar av Melodifestivalen vart «Too Late for Love» det svenske bidraget i Eurovision Song Contest 2019. I januar 2019 vart Sverige trekt ut til å delta i den andre semifinalen av Eurovision Song Contest. Semifinalen vart arrangert i Expo Tel Aviv i Israel torsdag 16. mai, og Sverige hadde startnummer 8. I avrøystinga vart «Too Late for Love» blant dei ti beste i semifinalen, og kvalifiserte dimed seg til finalen laurdag 18. mai.[4] I finalen kom songen på femteplass etter å ha kome på andreplass i juryavrøystinga og niandeplass i telefonavrøystinga. Lundviks andre bidrag i finalen, Storbritannias «Bigger than Us» enda på sisteplass.[5]

Listeplasseringar

endre
Liste (2019) Høgaste

plassering

  Belgia, Flandern (Ultratip)[6] 32
  Estland (Eesti Tipp-40)[7] 13
  Island (Tónlistinn)[8] 3
  Nederland (Single Top 100)[9] 50
  Noreg (VG-lista)[10] 27
  Skottland (Official Charts Company)[11] 40
  Storbritannia (UK Download)[12] 38
  Sveits (Schweizer Hitparade)[13] 20
  Sverige (Sverigetopplistan)[14] 1

Kjelder

endre
  1. «Bishara and John Lundvik to the Swedish final!». Henta 5. mars 2019. 
  2. TT (9. februar 2019). «John Lundvik till Eurovision som låtskrivare». Henta 10. mars 2019. 
  3. «John Lundvik vinner Melodifestivalen – blir historisk i ESC» (på svensk). Henta 10. mars 2019. 
  4. «Second Semi-Final: Last 10 acts qualify for Eurovision 2019 Grand Final». EBU. 16. mai 2019. Henta 17. mai 2019. 
  5. «Eurovision Song Contest 2019 – final». EBU. mai 2019. Henta 22. mai 2019. 
  6. «John Lundvik – Too Late for Love». Henta 24. mai 2019. 
  7. «EESTI TIPP-40 MUUSIKAS: Rammstein ja Tyler lömastasid Billie Eilishi» (på estisk). 28. mai 2019. Henta 31. mai 2019. 
  8. «TÓNLISTINN – LÖG | Plötutíðindi» (på engelsk). plotutidindi.is. 28. mai 2019. Arkivert frå originalen 29. mai 2019. Henta 2. juni 2019. 
  9. ««Too Late for Love» – Dutch Charts». Henta 24. mai 2019. 
  10. «Too Late for Love på VG-lista» (på norsk bokmål). Henta 24. mai 2019. 
  11. «Official Scottish Singles Sales Chart Top 100 | Official Charts Company» (på engelsk). Henta 24. mai 2019. 
  12. «Official Singles Downloads Chart Top 100 | Official Charts Company» (på engelsk). Henta 26. mai 2019. 
  13. «John Lundvik – Too Late for Love – hitparade.ch». Henta 26. mai 2019. 
  14. «Sverigetopplistan – Sveriges Officiella Topplista» (på svensk). Henta 10. mars 2019.