Bilbrev er eit heimseldokument i form av eit byggesertifikat som stadfestar at eit fartøy vil byggjast av verftet til eigar. Slike dokument var i vanleg bruk på 1600- og 1700-talet for å dokumentera panterett i eit skip som var under bygging. Bilbrevet vart utskrive til ein person som hadde bidrege med pengar til bygginga av skipet. Føremålet var å gje tryggleik for investeringa. I seinare tid vert bilbrev brukt om ein attest – skipsbyggingsattest – utskrive på tru og ære av skipsbyggmeisteren. Etymologisk kjem ordet frå lågtysk, bielbref

I bilbrevet finn ein namn på verftet, bygge nr og namn på kjøpar. Det skal og innhalde opplysningar om fartøyet, som namn, kjennemerke, byggeår, storleik, byggemateriale og framdriftsmiddel. [1]

Frå 1860 vart bilbrev utskrivne av magistrat eller sorenskrivar. Frå 1901 hadde notarius publicus denne oppgåva.

Bergen Byarkiv tek vare på skipsbyggingsattestar. Attestane finn ein i arkivet etter Magistraten. Materialen dekker tidsrommet 1749–1902.

Kjelder endre

  1. Skjema bilbrev, Sjøfartsdirektoratet (PDF), henta 4. november 2021 
  • Kiil, Alf: Arkivkunnskap. Statsarkiva. Universitetsforlaget 1969

Bakgrunnsstoff endre