Bilete i optikk syner til både det umiddelbare, åskådelege synsbiletet av eit objekt, og ei optisk avbilding av eit objekt, der avgrensa strålebuntar frå objektpunkta går gjennom det optiske systemet og vert samla i biletpunkt.

Eit reelt bilete. Kvart punkt på biletet samsvarar med eit punkt på objektet

Synsbiletet er betinga av ei avbilding på netthinna til auge. Det er det eigne optiske systemet til auge med hornhinne, pupill, linse osv. som avgjer avbildinga, men òg reflekterande og lysbrytande mediar mellom objektet og auget. For eit visst optisk system kan biletpunktet konstruerast ved hjelp av somme referansestrålar. Dersom biletpunktet kjem fram direkte som eit kryssingspunkt for referansestrålane, vert det kalla eit reelt bilete. Dersom det kjem fram indirekte, som eit kryssingspunkt for forlenginga av strålane bakover i forhold til stråleretninga, vert det kalla eit virtuelt bilete eller innbilt bilete. Avbildinga kan i begge tilfelle vere forstørra eller forminska, og denne verknaden vert utnytta i briller, mikroskop, luper, kikkertar og liknande.

Samansette bilete endre

I tillegg til enkle reelle og virtuelle bilete, finst det bilete som er samansett av begge typar. Desse ligg til grunn for ein del iaugefallande optiske fenomen i naturen.

I rolege dønningar på ei glatt vassflate ser ein fleire dobbelte speglbilete av skyer, hus, tre og anna. Kvart av desse består av to innbyrdes spegelvendte bilete som møter kvarandre i symmetrilinja. Det eine vert ført fram av den speglande sylinderflata til bølgjedalen, og er reell, spegelvendt og opp-ned. Det andre er eit opprett og spegelvendt bilete brakt fram av den speglande sylinderflata til bølgjeryggen. Sidan det eine spegelbiletet er opprett og det andre opp-ned, kan dei slutte seg til kvarandre og danne eit einskapleg dobbeltbilete. I solgitteret på ein småkrusa sjø, kan vi sjå slike dobbeltbilete som oppstår, går saman og sløkkjer i takt med rørslene til vassflata.

Regnbogen vert òg danna av tilsvarande dobbeltbilete. Når sollyset vert brote, reflektert og brote på nytt i ein regndrope, oppstår det to solbilete, eitt reelt bilete føre dropen og eitt virtuelt bilete bak dropen. På grunn av den kromatisk aberrasjonen i dropen er bileta farga, og i ein særskild synsretning fell dei saman i regnbogestrålen.

Sjå òg endre

Kjelder endre