Billy Davenport
amerikansk musikar
Billy Davenport (23. april 1931–24. desember 1999)[1] var ein amerikansk trommeslagar som var mest kjend for arbeidet sitt med bluesmusikarar som Willie Dixon, Muddy Waters, Howlin' Wolf,[2] Otis Rush og Paul Butterfield. Han spelte på Butterfield-albumet East-West, og trekte seg så heilt attende frå musikkindustrien fram til 1972, og igjen frå 1974 til 1981.[3]
Billy Davenport | |||
Fødd | 23. april 1931 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Chicago i Illinois i USA | ||
Død | 24. desember 1999 (68 år) | ||
Opphav | USA | ||
Sjanger | Blues, jazz | ||
Instrument | Trommer | ||
Tilknytte artistar | Willie Dixon, Muddy Waters, Howlin' Wolf, Otis Rush, Paul Butterfield | ||
Verka som | Trommeslagar |
Han vart posthumt innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 2015 som eit tidleg medlem av The Butterfield Band.[4]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Billy Davenport» frå Wikipedia på engelsk, den 22. august 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Erlewine, Michael (23. april 1931). «Billy Davenport - Music Biography, Credits and Discography». AllMusic. Henta 22. august 2018.
- ↑ James Segrest, Mark Hoffman, Moanin' at Midnight: The Life and Times of Howlin' Wolf Page 373 Google Books
- ↑ All music guide to the blues: the definitive guide to the blues - Page 140 Google Books
- ↑ «Inductee Explorer - Rock & Roll Hall of Fame». Rockhall.com. Arkivert frå originalen 22. august 2018. Henta 22. august 2018.