Bindebrev er eit brev med ei gåte på vers eller knutar som skulle løysast av mottakaren.

Bindebrev frå Kommandørgården på Rømø i Jylland.

Bindebrev var i bruk i Danmark til langt innpå 1800-tallt. Ein kunne motta dei på namnedagen sin eller på ein av fire tamperdager (flyttedagar) i året. Skikken kom til Danmark frå Tyskland på 1600-talet. Først spreidde han seg blant adel og skrivekyndige og sidan blant bønder. Bindebrevene er forløparar for danske gækkebrev som er kjende frå samtida.[1]

Breva var ofte kunstferdig utklippa eller dekorerte, og dei inneheldt ei gåte eller ein knute av silketråd som skulle løysast. Ideen var at mottakaren skulle løysa gåta eller knutane. Om han ikkje makta det var personen «bunden» til å halda eit gilde, gje eit kyss eller liknande.[2]

I diktsamlingar fra 1600- og 1700-talet finst ei rekkje bindebrev forfatta av Bording, P. Syv, Jørgen Sorterup, Reenberg og andre.[3] Kring 1685 skreiv Dorothe Engelbretsdotter to bindebrev, medan Petter Dass skreiv seks.[4]

Bindebreve var ofte kunstferdige og dekorerte med fargar, blomsar og vers. Dei eldste kjente bindebreva er frå 1600-talet. Ein kjenner til eit frå Christian IV til frilla Karen Andersdatter:[5]

«Kiere Karen,
Vi hafver erfaren,
hvis Dag i Dag det er.
Derfor vi binder
Eder og vinder
en Løsning, der maae være
med noget smukt,
Sukker eller Frugt,
kosteligt vi intet begiere.»

Forventingane om ein fest er tydelege i eit bindebrev 15-årige Birte Hansdatter på Fyn fekk frå ei venninne:[6]

«Jeg binder dig hverken med Baand eller Bast,
men med en Silkesnor saa fast
Nu venter vi paa, at du et godt Gilde vil give
med Kaffe og Mjød og Kringler fin
alt efter Viljen din
og frie Musikanter.
Byd til Gilde hvem du vil,
og hvem dit Sind staar til ,
mig du ikke forglemme maa...»

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «Bindebrev» i Den store danske
  2. «Bindebreve», dr.dk
  3. «248 (Salmonsens konversationsleksikon / Anden Udgave / Bind III: Benzolderivater—Brides)», runeberg.org (på dansk), henta 12. januar 2020 
  4. «BINDEBREV OG ANDRE ”BREV”» (PDF). Bygdøy: Norsk etnologisk gransking. mai 1960. Arkivert frå originalen (PDF) 20. februar 2015. Henta 20. februar 2015. 
  5. Nye danske magazin (på dansk), Ernst i Thieles, 1806, henta 12. januar 2020 
  6. «Gækkebrevenes», www.historie-online.dk, henta 12. januar 2020 

Bakgrunnsstoff endre