Rimbrev er dikt som har brevform og er skrivne med rim. Det er ein litterær sjanger som er kjend frå antikken og blei populær att i klassisismen. Rimbrev kan vera stila til ein verkeleg eller ein oppdikta person. Dei kan ofte vera humoristiske.[1]

Illustrasjon til ei fransk utgåve av Heroides frå 1500-talet.

Antikke rimbrev er kjende frå Horats og Ovid, som skeiv Heroides (Heltinnene) eller Epistulae Heroidum (Heltinnebrev), ei samling av femten rimbrev som kvart skulle vera frå ei forsmådd kvinne i gresk eller romersk mytologi, stila til helten som hadde behandla dei dårleg. Ovid utvida verket med ei dobbel Heroides av tre brevvekslingar der ein helt skreiv til ei heltinne og ho svarte han tilbake.

Under barokken blei forma teken opp av til dømes norske Dorothe Engelbretsdotter og Petter Dass opp forma tyske Hofmannswaldau (Helden-Briefe 1664). Ein finn vidare eksempel frå fransk rokokko og tysk anakreontikk hjå forfattarar som Goeckingk, Gleim, Rabener og Wieland. Under klassisismen blei sjangeren fornya av forfattarar som Nicolas Boileau og Alexander Pope.

Min kære ven!

De skriver mig bekymret til og spørger
hvi slægten går så underlig fortrykt,
ej ildnes op i fryd og ikke sørger,
men synes ruge på en uklar frygt

Et rimbrev[2]
Henrik Ibsen

I nyare dansk litteratur er Jens Baggesen, Henrik Hertz og Emil Aarestrup kjende for rimbrev.[1] I tysk litteratur er Heinrich Heine, Clemens Brentano, Friedrich de la Motte Fouqué, Annette von Droste-Hülshoff, Theodor Fontane, Detlev von Liliencron, Rainer Maria Rilke og Joachim Ringelnatz døme på forfattarar som skreiv rimbrev. I fransk litteratur er Clément Marot eit døme, og innan engelsk litteratur kan ein nemna John Donne, John Dryden, Alexander Pope og John Keats.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Lars Peter Rømhild. «rimbrev». Den Store Danske. Gyldendal. Henta 12. januar 2020. 
  2. Wikikilden