Birdøya
Birdøya eller Bird Island er ei øy utanfor vestenden av Sør-Georgia og mellom dei ligg Bird Sound. Ho er 4,8 km lang og 800 meter brei.
Birdøya | |||
øy | |||
Land | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Øygruppe | Sør-Georgia | ||
Del av | Sør-Georgia | ||
Koordinatar | 54°1′S 38°3′W / 54.017°S 38.050°W | ||
Høgaste punkt | Roché Peak | ||
Lengd | 4,8 km | ||
Areal | 3,4 km² | ||
Folketal | 4 | ||
Birdøya 54°01′00″S 38°03′00″W / 54.0167°S 38.05°W | |||
Plasseringa til Birdøya
| |||
Birdøya med BAS-stasjonen og Roché Peak
| |||
Wikimedia Commons: Bird Island, South Georgia |
Historie
endreHo vart oppdaga i 1775 av ein britisk ekspedisjon under James Cook, som gav ho namnet på grunn av dei mange fuglane som var på øya.
Seint i 1950-åra dreiv amerikanske forskarar undersøkingar på øya. Mellom 1959 og 1962 vart mange av vandrealbatrossane på øya merka, noko som gjorde at ein oppdaga kor langt desse fuglane faktisk dreg. Ein av fuglane vart funnen i Australia.
Øya har vore ein stasjon for antarktisk forsking sidan 1963, og i dag ligg ein biologisk forskingsstasjon for British Antarctic Survey (BAS) ved Jordan Cove, med fire biologar. Hovudfokuset er økologi og bestanden av sjøfuglar og selar på øya.
Då argentinarane okkuperte Sør-Georgia i 1982 var det 15 britar andre stader i øygruppa som argentinarane ikkje kom til. Dei argentinske tapa i Grytviken hindra Argentina frå å ta resten av øya og basen på Birdøya og andre feltleirar vart verande under britisk kontroll.
Øya har i dag status som Site of Special Scientific Interest, så det er ikkje lov å gå i land her utan løyve.
Toppen av øya, Roché Peak, er kalla opp etter engelskmannen Anthony de la Roché som oppdaga Sør-Georgia i 1675.
Dyreliv
endrePå øya finn ein
- 65 000 antarktiske pelsselar (kring 1 for kvar 6 m² av øya)
- 50 000 gulltoppingvinar
- 15 000 par svartbrynalbatross
- 12 000 par gråhovudalbatross
- 1000 par vandrealbatross
- 500 par sørkjempepetrellar (10% av bestanden i heile Sør-Georgia)
I tillegg finst det fleire hundretusen andre fuglar, inkludert bøylepingvin, sørgeorgiaspissand og sørgeorgiapiplerke. Av 31 hekkande artar på Sør-Georgia finn ein 27 her på Birdøya.
Øya er fri for rotter, i motsetnad til hovudøya i Sør-Georgia.
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Bird Island, South Georgia» frå Wikipedia på engelsk, den 10. november 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Stonehouse, B. (red.) Encyclopedia of Antarctica and the Southern Oceans (2002, ISBN 0-471-98665-8)