Sørkjempepetrell

fugleart

Sørkjempepetrell (Macronectes giganteus) er ein stor sjøfugl i stormfuglfamilien med to morfar, ei lys og ei mørk form. Han er ein av to artar av kjempepetrellar, begge lever dels pelagisk og er utbreidd sirkumpolart på kystar og til havs i den subantarktiske regionen. Hekkinga skjer på isfrie område av Antarktis og på subantarktiske øyar, den største hekkepopulasjonen finst på Falklandsøyane.

Sørkjempepetrell
Vaksen, mørk morf med kvitt hovud nordvest for Falklandsøyane Foto: Flickr-brukar dfaulder
Vaksen, mørk morf med kvitt hovud nordvest for Falklandsøyane
Foto: Flickr-brukar dfaulder
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Sørkjempepetrell
Utbreiinga av Sørkjempepetrell
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Stormfuglar Procellariiformes
Familie: Stormfuglfamilien Procellariidae
Slekt: Kjempepetrellar Macronectes
Art: Sørkjempepetrell M. giganteus
Vitskapleg namn
Macronectes giganteus

Skildring

endre
 
Ungfugl.
Foto: Flickr-brukar dfaulder
 
Bilete av kvit morf frå Drakesundet.
Foto: National Oceanic and Atmospheric Administration (NOAA), U.S. Department of Commerce

Sørkjempepetrell har same storleik som slektningen nordkjempepetrell, kroppslengda er ca. 90 cm, vengespennet er på opptil 2,1 meter,[1] og han veg i gjennomsnitt 4,5 kilogram. Kjempepetrellane er dermed større enn til dømes Phoebastria-abatrossane, men har mindre vengespenn. Denne arten har to morfar, den mørke morfen i gråbrunt liknar nordkjempepetrell, men den mørke sørkjempepetrellen får lysare hovud som kan bli heil kvitt. Fjørdrakta er gråbrun, framhovud og hals kan bli kvite. Unge fuglar er mørk brune og særs lik ungfuglar av nordkjempepetrell. Den lyse morfen kan bli nær kvit, men med få og spreidde mørke flekker. Kjempetretrellar har massive, gule nebb, sørkjempepetrellen med bleikgrøn nebbtupp, det sikraste kjenneteiknet som skil han frå nordkjempepetrell.

Denne arten lever på kystar i alle sørlege hav, i Sørishavet og i sørlege område av Stillehavet, Atlanterhavet og Indiahavet. Om sommaren hekkar og beitar han sør for 60° sør i Stillehavet og Indiahavet, og sør for 53° sør i regionar ved Macquarieøya, men held seg i beltet mellom 53° sør og den sørlege vendesirkelen på 23° sør i vinterhalvåret, jamvel enda legre nord.[2]

Sørkjempepetrell er i større grad enn nordkjempepetrell ein kolonihekkar, dei største koloniane ligg på Falklandsøyane, Sør-Georgia, Sør-Shetlandsøyane, Sør-Orknøyane, Heard- og McDonaldøyane, Macquarieøya, øyar utanfor Sør-Amerika, Tristan da Cunha og på fastland på Den antarktiske halvøya.[3] Men dei hekkar òg spreidd i mindre tal på andre øyar. Kvar koloni i hekkepopulasjonen er mellom 10 og 300 par. Beitemønstret i hekketida varierer, ved nokre øyar finn dei føda innanfor 30 km, i andre døme har ein funne fuglar opptil 2000 km borte frå kolonien. Utanom hekketida kan nokre vere mykje stasjonære i dei nordlegste områda, men jamt over vil sørkjempepetrellar spreie seg vidt og lengre nord om vinteren.

Dietten består av åtsel av pattedyr og fuglar, fiskeavfall, men dei kan og drepe mindre sjøfuglar inklusive pingvinar. Dei plukkar òg krepsdyr og fisk på havoverflata.

Egglegging skjer frå august til oktober og det eine kvite egget har ei rugetid på ca. 60 dagar. Ungane kan flyge etter ca. 115 dagar og dreg ut på havet frå slutten av februar. Dei er mellom 6 og 7 år nå dei returnerer til kolonien for å bli hekkefuglar.

Arten har status som livskraftig, og bestanden er estimert til ca. 150 000 individ inkludert ungfuglar, og er trudd å vere aukande.[3]

Kjelder

endre

Referansar

endre
  1. Curtis, Lee K (2012). Queensland's threatened animals. Collingwood, Vic.: CSIRO Pub. s. 260. ISBN 9780643096141. 
  2. Background Paper, Population Status and Threats to Albatrosses and Giant Petrels Listed as Threatened under the Environment Protection and Biodiversity Conservation Act 1999 (PDF). Department of Sustainability, Environment, Water, Population and Communities. Commonwealth of Australia, Hobart. 2011. Arkivert frå originalen (PDF) 29. februar 2012. Henta 28. april 2013. 
  3. 3,0 3,1 BirdLife International (2013)

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Sørkjempepetrell