Birkeland i Åsane
Birkeland er ein matrikkelgard i Åsane bydel i Bergen. Folketalet innanfor den gamle matrikkelgarden var 949 i 2001.[1] Det tettbygde området vert rekna som del av den samanhengjande tettstaden Bergen. Den austlege delen av innsjøen Langavatnet ligg innanfor grensene til garden.
Birkeland | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Hordaland | ||
Kommune | Bergen | ||
Folketal | 949 (2023) | ||
Postnummer | 5131-5132 NYBORG | ||
Preposisjon | på Birkeland | ||
Gardnummer | 203 | ||
Ferdselsårer | E16E39 | ||
Frå slutten av 1980-åra kom det ein markant folkevekst i området, då det vart bygd bustadområde i den vestlege delen. Her er det bygd rekkjehus og einebustader. Her ligg også barne- og ungdomsskulen Kyrkjekrinsen skule.
Leiglendingane på garden kjøpte bruka sine frå jordeigaren i 1726. I 2006 var det framleis gardsdrift på eitt bruk, med kjøtproduksjon av storfe.
Kjelder
endreFrode Fyllingsnes, Åsane - i fortid og nåtid (Bodoni forlag, 2007), s. 247-253
- Fotnotar
- ↑ Frode Fyllingsnes, Åsane - i fortid og nåtid (Bodoni forlag, 2007), s. 248