Birthe Hegstad

norsk fotballspelar

Birthe Hegstad (fødd 23. juli 1966) er ein norsk tidlegare fotballspelar, fødd i Trondheim. Ho vart europameister i 1993 og fekk sølv både i EM og VM 1989 og VM 1991.

Birthe Hegstad
Statsborgarskap Noreg
Fødd 23. juli 1966 (57 år)
Trondheim
Yrke fotballspelar
Høgd 168 centimeter

Hegstad var medlem i Bærums-laget Jardar før ho i 1985 reiste til USA for å studere. Fram til 1988 var ho aktiv på fotballaget til North Carolina University. Frå 1989 til -92 spelte ho i angrepet til det norske topplaget Klepp IL og var med å vinne cupfinalen 1991. Der etter heldt ho fram som spelar i Sprint-Jeløy (Athene Moss). I sin fyrste sesong med laget frå Moss vart ho i 1993 seriemeister jamsides landslagskollegaene Agnete Carlsen og Heidi Støre. Hegstad la opp etter 1997-sesongen.

Hegstad fekk sin landslagsdebut då Noregs kvinnelandslag i juli 1987 møtte USA til dyst for aller fyrste gong. Ho var med i tre europameisterskap på rad; 1989, 1991, 1993, så vel som i VM 1991. I alle desse fire turneringane nådde Noreg finalen, den einaste finalesigeren kom i Fotball-EM 1993, etter ein kamp der Hegstad vart matchvinnar. Fram til 1994 deltok ho i 84 landskampar og skåra 23 mål.

Merittar endre

  • Europameister: 1993
  • EM-sølv: 1989 og 1991
  • VM-sølv: 1991
  • Noregsmeister: 1991 med Klepp IL
  • Seriemeister: 1993 med Sprint/Jeløy

Kjelder endre