Birutė Kalėdienė

Birutė Kalėdienė, fødd Zalogaitytė, (fødd 2. november 1934) er ein litauisk tidlegare spydkastar som tevla for Sovjetunionen. Ho vann sølvmedaljen i øvinga ved europameisterskapen 1958 og bronsemedaljen under Sommar-OL 1960.

Birutė Kalėdienė


Statsborgarskap Litauen, Sovjetunionen
Fødd 2. november 1934 (89 år)
Baltrušiai
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1960, Sommar-OL 1964

Utmerkingar

Idrettens mester i Sovjetunionen

Birutė Zalogaitytė kneip andreplassen ved EM 1958 der Dana Zátopková var i ei klasse for seg. Eit par månader seinare, 30. november 1958 i Tblisi, sette Zalogaitytė verdsrekord med eit kast på 57,49 meter. Under dei olympiske sommarleikane 1960 vann ho bronsen, medan ho fire år seinare måtte nøye seg med ein fjerdeplass i Sommar-OL i Tokyo.

Ho var sovjetmeister i spydkast 1958, 1959 og 1960.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre