Dana Zátopková (19. september 192213. mars 2020), opphavleg Dana Ingrová, var ein tsjekkisk spydkastar frå Karviná-Fryštát som tevla for Tsjekkoslovakia. Ho vart olympisk meister i spydkast i 1952 og europameister både i 1954 og 1958. Zátopková sin personlege rekord i spydkasting er på 56,67 m.

Dana Zátopková


Statsborgarskap Tsjekkia, Tsjekkoslovakia
Fødd 19. september 1922
Fryštát, Buchlovice, Karviná
Død

13. mars 2020 (97 år)
Central Military Hospital Prague, Praha

Idrett friidrett
Tok del i

athletics at the 1960 Summer Olympics – women's javelin throw, athletics at the 1956 Summer Olympics – women's javelin throw, Friidrett under Sommer-OL 1952 – Spydkast kvinner, Friidrett under Sommer-OL 1948 – Spydkast kvinner

Utmerkingar

Den tsjekkiske republikks fortjenstmedalje, æresborger av Praha, Honorary citizenship of Kopřivnice, Honorary citizenship of Uherské Hradiště, Æresborgerskap i byen Lázně Toušeň, Den olympiske orden, æresborgerskap

Aktiv

endre
 
Zátopková under Sommar-OL 1952

Ingrová vart nummer sju i spydkastøvinga i London-OL 1948. Same hausten gifta ho seg med langdistanseløparen Emil Zátopek. Etter å ha vorte nummer fem ved EM 1950 vann Zátopková gullmedaljen i spydkasttevlinga under Sommar-OL 1952 i Helsinki. Med eit kast på 50,47 meter kopierte ho ektemaken Emil Zátopek som ein time i førevegen hadde vunne 5 000-meteren. To år etter Helsinki-OL vann ho nok ein gullmedalje i spydkast då friidretts-EM 1954 fann stad i Bern.

Den 1. juli 1958 forbetra Zátopková i Praha verdsrekorden med eit kast på 55,73 meter, 25 centimeter over den gamle rekorden. Vel sju veker seinare forbetra polske Anna Pazera verdsrekorden til 57,40 m. I august månad var likevel Zátopková i ei klasse for seg med sine 56,02 m då ho forsvarte EM-tittelen på Stockholm stadion. Ho avslutta medaljehaustinga med ein sølvmedalje under sommarleikane 1960 i Roma, slått med over to meter av Elvīra Ozoliņa frå Sovjetunionen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

endre

Kjelder

endre