Biscayabukta

(Omdirigert frå Biscaya)

Biscayabukta er ei bukt i Nord-Atlanteren. Ho ligg på vestkysten av Frankrike, frå Brest og sørover til den spanske grensa og nordkysten av av Spania. Bukta er kalla opp etter den spanske provinsen Vizcaya.

Biscayabukta
spansk Golfo de Vizcaya, fransk Golfe de Gascogne, baskisk Bizkaiko Golkoa, oksitansk Golf de Gasconha, engelsk Bay of Biscay
bukt
Land  Frankrike,  Spania
Del av Nord-Atlanteren
Kart
Biscayabukta
45°30′N 4°24′W / 45.5°N 4.4°W / 45.5; -4.4
Kart som viser Biscayabukta.
Kart som viser Biscayabukta.
Kart som viser Biscayabukta.
Wikimedia Commons: Bay of Biscay

Geografi

endre
 
Flysjlandskap ved Gipuzkoa på nordkysten av Spania
 
Kysten av Biscayabukta - San Juan de Gaztelugatxe (Biscaya).

Delar av kontinentalsokkelen strekkjer seg langt ut i bukta, og dei grunne farvatna skapar grov sjø som området er kjent for.

Elvar

endre

Dei største elvane som munnar ut i Biscayabukta er:

Store byar

endre

Dei største byane langs kysten av Biscayabukta er:

Historie

endre

Den sørlege delen av bukta vert på spansk kalla Mar Cantábrico ('Det kantabriske havet'), etter regionen Cantabria, men dette namnet vert lite brukt på andre språk. Det vart namngjeve av romarane i det første hundreåret fvt. som Sinus Cantabrorum (Cantabri-havet).

På enkelte kart frå mellomalderen er Biscayabukta merka som El Mar del los Vascos, Baskerbukta. Biscayabukta er heimstad for nokre av dei mest vidkjende og velukka maritime industriane i verda, dei baskiske og kantabriske skipsbyggjarane og fiskarane.

Dyreliv

endre

Bilferjer frå Portsmouth til Bilbao og frå Plymouth til Santander, mellom England og Spania, er ein av dei beste måtane å få sett kval på i europeiske farvatn, og det er ofte spesialistar og forskarar om bord. Frivillige og tilsette i Biscay Dolphin Research Programme[1] nyttar brua på fartøyet mellom Portsmouth og Bilbao til å observere og overvake aktiviteten til kvalar og delfinar. Ein kan sjå fleire artar av kvalar og delfinar i dette området, og er ein av få stader der nebbkval, som gåsenebbkval har vorte observert.

Dei beste områda for å sjå store kvalar er over djupt vatn, utanfor kontinentalsokkelen, særleg over Santander- og Torrelavegajuvet sør i bukta.

Ein kan òg ta ei tredagars rundreise, der ein òg kan sjå mange forskjellige fugleartar, særleg havsule.

Algen Colpomenia peregrina vart oppdaga av østersfiskarar i Biscayabukta i 1906.

Kjelder

endre