Bispekapellet er eit kapell på Kongsgård i Stavanger sentrum som truleg er frå andre halvdelen av 1200-talet. Næraste naboar er Stavanger domkyrkje og Stavanger katedralskole. Kyrkja har 40 sitjeplassar.

Bispekapellet
kyrkje
Austfronten på Bispekapellet, med Kongsgård til venstre og domkyrkja til høgre. Rektorhagen er i forgrunnen.
Foto: Arne Kvitrud (2008)
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Stavanger
Prosti Stavanger domprosti
Sokn Stavanger domkyrkje
Fellesråd Stavanger
Innvigd (Byggjeår 1250–1300)
Kyrkjegard Kapellet låg ved Stavanger kyrkjegård, men denne er fjerna
Sitjeplassar 40
Kart
Bispekapellet
58°58′09″N 5°44′00″E / 58.969296°N 5.733393°E / 58.969296; 5.733393
Wikimedia Commons: Bispekapellet

Kapellet er bygd i gotisk stil. Det er bygd over den same grunnmuren som Kongsgård skule bruker.

Kyrkja var truleg biskopen sitt personlege kapell i mellomalderen og har vore ein del av Kongsgård (Den gamle bispegarden).

«Munkekyrkja» oppmålt 1894.

Første gongen kyrkja er omtala, er omkring år 1300, då ho skal ha vore biskopen sitt kapell. I 1712 vart ho omtala på latin som capella domestica – huskapellet. I 1745 var kapellet Kongsgård sitt forrådskammer og vart omtala som Fadeburet. I kjelder frå 1800-talet vert Bispekapellet konsekvent omtala som Munkekyrkja. Ho vart brukt mellom anna til teater og kjellaren som vinkjellar.

Kyrkja fekk namnet Bispekapellet då ho vart innvigd på nytt 25. desember 1926.

Tidlegare rektor ved Kongsgård skule Andreas Emil Erichsen meinte at Munkekyrkja og kjellaren var så forskjellige at dei ikkje kunne vere samtidige. Sjølve kyrkja var då yngre enn kjellaren. Han meinte òg at det kan ha vore eit vindauge i kjellaren mot Breiavatnet, og at området framfor vindauget vart fylt igjen med massive murmassar for å lage fundamentet for Munkekyrkja – som vart bygd på tvers av og større enn fundamentet på Kongsgård.

I 1712 fortalde islendingen Árni Magnússon at det gjekk ein murt underjordisk gang frå koret i domkyrkja til Munkekyrkja, men han var i dårleg forfatning. Ei eldre dame i Rosenkildefamilien fortalde til Claudius Jacob Schive at ho i sin barndom hadde vore i gangen (på slutten av 1700-talet). Ein har ikkje funne att denne gangen.

Kapellet hadde i 1712 tre altar – eitt i aust og eitt i kvar ende.

Det vart gjennomført ei restaurering i 1874, igjen i 1895–1896 og før vigslinga i 1926. Restaureringane har dels vore hardhendte, og mange originaldetaljar er fjerna eller øydelagde.

Vindauget i austveggen har glasmåleri laga av Emanuel Vigeland i 1926–1927.

Kjelder endre

  • Bispekapellet i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren

Bakgrunnsstoff endre

  • Lars Albrektsen: «Emanuel Vigeland og Stavanger Domkirke», Stavanger Museums årbok, 1977.
  • Anders Bærheim: «Bispekapellet», Stavanger Aftenblad, 2. desember 1953.
  • Eyvind de Lange og Johs. Westbye : «Utgravingen ved Bispekapellet», Stavanger Aftenblad, 19. mars 1918.
  • Andreas Emil Erichsen, Privatarkiv 110 i Stavanger Byarkiv, boks 23, side 19.
  • Jan Hendrich Lexow: «Middelalderens steinkirker i Rogaland», Stavanger Turistforening Årbok, 1957.
  • Jan Hendrich Lexow: «Kongsgård», Stavanger Museums årbok, 1960.
  • Árni Magnússon: «Reisenotater 1712 fra Stavanger», Jon Olafsons hånd, Nasjonalbiblioteket i Oslo. Ms 4°, 586:6. Stavanger Museum har ein kopi.
  • Morten Stige: «Stavangerkorets utvidelse og innflytelse», Hovudfagsoppgåve i kunsthistorie, Universitetet i Oslo, 1977, særleg side 61–62.
  • Johs. Westbye : «Bispekapellet», Stavanger Aftenblad, utklipp frå ein onsdag i august, men utan årstall, ca. 1925?, side 6.