Opna hovudmenyen

Bitan Aharon (hebraisk skrift בִּיתַן אַהֲרֹן, tyder Aharon-paviljongen) er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg på Sharonsletta mellom Hadera og Netanya og høyrer til Heferdalen regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 213.

Bitan Aharon
בִּיתַן אַהֲרֹן
kibbutz
Bitan Aharon 025.jpg
Bitan Aharon sekreteriatsbygning
Land Flag of Israel.svg Israel
Region Sharonsletta
Distrikt Sentral
Kommune Heferdalen
Koordinatar 32°21′55.79″N 34°52′10.55″E
Grunnlagd 1936
Tilhøyrsle Jordbruksunionen
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Bitan Aharon

Moshaven vart grunnlagd i 1936. Dei første åra leigde moshaven inn arbeidarar for å plante appelsinlundar, medan medlemmane framleis budde i byar. Eit tiår seinare vart landsbyen meir utvikla og nye innbyggjarar kom til. I 1947 hadde han eit folketal på 100.[1] Landsbyen vart kalla opp etter Aharon Freeman, ein kanadisk sionist-aktivist.

Bitan Aharon naturreservatEndra

I 1968 vart det oppretta eit 46 mål stort naturreservat,[2] like aust for moshaven. Reservatet dekkjer den andre kurkar-ryggen som går frå nord til sør langs denne delen av Den israelske kystsletta, og her finst mange graver hogd ut i stein og gravgrotter.[3]

KjelderEndra

  1. Jewish National Fund (1949). Jewish Villages in Israel. Jerusalem: Hamadpis Liphshitz Press. s. 191. 
  2. «Liste over nasjonalparkar og naturreservat» (PDF) (på hebraisk). Israel natur- og parktilsyn. Henta 30. september 2014. 
  3. «Bitan Aharon naturreservat» (på hebraisk). iNature.info. Henta 30. september 2014.