Bjørg Krane Bostad

Bjørg Krane Bostad (fødd 31. januar 1948) er ein norsk organisasjonsleiar og statstenestekvinne, som var leiar i Norsk Kvinnesaksforening frå 1992 til 1994.

Bjørg Krane Bostad
Statsborgarskap Noreg
Fødd 31. januar 1948 (76 år)
Yrke embetsmann

Liv og virke endre

Bostad er utdanna i statsvitskap ved Universitetet i Oslo[1] og var tilsett hos Forbrukarombodet frå 1980. Ho var sentral i oppbygginga av det statlege likestillingsapparatet, som fagansvarlig hos Forbrukarombodet for å handheve det då nye forbodet mot kjønnsdiskriminerande reklame i likestillingslova. Ho var seinare komitésekretær for Stortingets familie- og kulturkomité.[2]

Bostad var aktivt engasjert i Amnesty International, og var styremedlem i Amnesty Noreg frå 1986 til 1990.[3] Ho var også leiar for asylutvalet til Amnesty.

Bostad var 1. nestleiar i Norsk Kvinnesaksforening 1990–1992 og leiar 1992–1994.[4] Frå 1990 til 1995 var ho også medlem av Utvalet for menneskerettar, eit offentleg utval oppnemnd av Utanriksdepartementet.[5]

Bostad flytta til Sør-Afrika i 2000, der ho eigde eit firma som organiserte safariturar i den sørlege delen av det afrikanske kontinentet. Ho var også ein av initiativtakarane til eit prosjekt for foreldrelause barn i Sør-Afrika.[6]

Kjelder endre

  1. Stortingsforhandlinger 1983/84, del 3, s. 160
  2. «Bjørg Krane Bostad». NKF. 
  3. Amnesty International Norges styrer 1964–2000 Arkivert 2016-09-21 ved Wayback Machine., Amnesty International
  4. Elisabeth Lønnå: Stolthet og kvinnekamp: Norsk kvinnesaksforenings historie fra 1913 (s. 336), Gyldendal Norsk Forlag, 1996, ISBN 8205244952
  5. «Bjørg Krane Bostad». Forvaltningsdatabasen. Arkivert frå originalen 5. august 2016. Henta 25. mars 2023. 
  6. «Det gode liv på glanset papir», Oppland Arbeiderblad, 7. februar 2002