Opna hovudmenyen

Bjørkelangen kyrkje

kyrkje i Aurskog-Høland i Akershus

Koordinatar: 59°52′37″N 11°33′34″E

Bjørkelangen kyrkje
kyrkje
Bjorkelangen kirke vest id 83907.jpg
Foto: GAD
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Borg
Prosti Østre Romerike
Sokn Bjørkelangen
Fellesråd Aurskog-Høland
Type Langkyrkje
Arkitekt Th. Bjørnstad
Material Tre
Innvigd 20. november 1925
Kyrkjegard Ved kyrkja
Preikestol Audun Bødtker, 1951–53
Døypefont Audun Bødtker, 1960
Altartavle Gunnar Wang (korveggen), Audun Bødtker (altar, 1951–53, dels fjerna)
Sitjeplassar 250
Wikimedia Commons: Bjørkelangen kirke

Bjørkelangen kyrkje er ei langkyrkje i tre i Aurskog-Høland kommune, Akershus fylke.

Kyrkja vart oppført i 1923–25 av byggmeister Olaf Fallet og dei tre sonane hans.

Korveggen er måla av Gunnar Wang med eit bilete (på 7,5 m x 5 m) av himmelferda. Dette vart dekt til ved ei restaurering i 1951–53, då kyrkja fekk nytt inventar skore av Audun Bødtker, m.a. med relieffpanel på framsida av alteret og ei kalvariegruppe oppå det. I 2001–02 vart Wangs bilete avdekt og Bødtkers panel fjerna. Kyrkja har òg eit sidealtar i vest. (Hovudinngangen er i sør.) Bødkter har dessutan laga preikestol og døypefont.

Kyrkjegarden (vigsla 1. februar 1913) vart teken i bruk nokre år før kyrkja vart oppført. Eit kombinert bårehus og servicebygg vart vigsla i 1982.

BakgrunnsstoffEndra

  Denne kyrkjeartikkelen som har med Akershus å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.