Østre Borgesyssel prosti
Østre Borgesyssel prosti er eit tenestedistrikt i Borg bispedømme i Den norske kyrkja. Det femner kommunane Aremark, Askim, Eidsberg, Marker, Rakkestad, Rømskog og Trøgstad i Østfold fylke. Prosten har sete på Mysen.

Historie endre
Prostiet vart skipa i 1749. Då vart prestegjelda Aremark, Askim, Eidsberg, Rakkestad, Rødenes og Trøgstad skilde ut frå Øvre Borgesyssel prosti. Prostiet hadde frå starten namnet Mellom Borgesyssel prosti. Namnet vart endra til Østre Borgesyssel ved opprettinga av Borg bispedøme i 1973.[1]
Sokn endre
Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eitt eller fleire sokn.
Det er 16 sokn i prostiet (2014).
Sokn | Kyrkje(r) | Kyrkjeleg fellesråd |
---|---|---|
Aremark sokn | Aremark kyrkje Holmgill kyrkje |
Aremark |
Askim sokn | Askim kyrkje | Askim |
Båstad sokn | Båstad kyrkje | Trøgstad |
Degernes sokn | Degernes kyrkje | Rakkestad |
Eidsberg sokn | Eidsberg kyrkje | Eidsberg |
Hærland sokn | Hærland kyrkje | Eidsberg |
Klund sokn | Klund kyrkje | Marker |
Mysen sokn | Mysen kyrkje | Eidsberg |
Os sokn i Borg | Os kyrkje i Borg | Rakkestad |
Rakkestad sokn | Rakkestad kyrkje | Rakkestad |
Rødenes sokn | Rødenes kyrkje | Marker |
Rømskog sokn | Rømskog kyrkje | Rømskog |
Trøgstad sokn | Trøgstad kyrkje | Trøgstad |
Trømborg sokn | Trømborg kyrkje | Eidsberg |
Ørje sokn | Ørje kyrkje | Marker |
Øymark sokn | Øymark kyrkje | Marker |
Prestegjeld endre
Tidlegare var prestetenesta organisert gjennom prestegjeld. Ordninga vart fasa ut frå 2004. Før utfasinga hadde Østre Borgesyssel desse prestegjelda:
Referansar endre
- ↑ ««Østre Borgesyssel prosti»». Arkivverket : Statsarkivet i Oslo, arkivportalen.no. Henta 11. mars 2014.