Opna hovudmenyen
Kart som viser Bjørnøya naturreservat i høve til andre naturreservat (lilla) og nasjonalpark (grøn) på Svalbard

Bjørnøya naturreservat er eit naturreservat som blei oppretta i 2002. Naturreservatet omfattar heile Bjørnøya medrekna dei marine områda ut til tolv nautiske mil. Reservatet dekkjer ca. 177 km² landareal (medrekna ferskvatn) og ca. 2805 km² av havområda rundt øya. Unntatt er ca. 1200 dekar rundt den meteorologiske stasjonen nord på Bjørnøya.

Reservatet er meint som eit vern for det særeigne og tilnærma urørte økosystemet på Bjørnøya.[1] I 2011 blei reservatet også utpeikt som ramsarområde.[2]

KjelderEndra

  1. Opprettelse av Bjørnøya naturreservat på Svalbard, Miljøverndepartementet, 16.08.2002 
  2. Norge har fått 14 nye Ramsar-områder, DN, henta 30 sept 2011 

BakgrunnsstoffEndra