Bjørnøya
- Denne artikkelen handlar om øya i Barentshavet. For øya i Antarktis, sjå Bear Island.
Bjørnøya er ei øy i Barentshavet på 178 km². Øya vart oppdaga av den nederlandske oppdagingsreisande Willem Barents 10. juni 1596. På veg inn til land møtte folka hans ein symjande isbjørn. Frå det kjem namnet Bjørnøya (Beeren Eiland på nederlandsk). Øya høyrer til Noreg politisk sett. Ho er ganske avsidesliggjande og ligg eit stykke sør for Spitsbergen, men ho er ein del av øygruppa Svalbard. Ho er òg ein del av Svalbard administrativt sett, og dimed underlagt Svalbardtraktaten. På grunn av den geografiske plassen øya ligg på er ho sidan 1900-talet vorten stadig meir strategisk interessant, både frå ein militær, økonomisk og ressursmessig synsvinkel. Farvatna rundt Bjørnøya har vore eit av dei områda der omlasting av overfiska torsk har gått føre seg.
Bjørnøya | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Barentshavet |
Koordinatar | 74°31′N 19°01′E / 74.517°N 19.017°E
|
Areal | 178 km²
|
Høgaste punkt | Urd (536 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Historie
endrePå 1600- og 1800-talet vart det drive intens fangst av kvalross på Bjørnøya og fleire andre stader i Arktis, noko som førte til at førekomsten vart utrydda. Mange fangstfolk fraus eller svalt i hel. Funn i ein del graver tyder òg på valdsbruk mellom dei ulike fangstekspedisjonane.
Ein har òg drive jakt på isbjørn. Dessutan har det vore norsk og russisk kvalfangst og selfangst i havområda kring øya. Restar av ein kvalstasjon frå 1905–08 ligg på øya.
Statusen til Bjørnøya som norsk land vart endeleg fastslegen i Svalbardtraktaten av 9. februar 1920. Underteikninga fann stad i Paris. Signaturstatane var, utanom Noreg, USA, kongeriket Storbritannia og Irland, kongeriket Danmark, Frankrike, kongeriket Italia, keisarriket Japan, kongeriket Nederland og kongeriket Sverige. Blant dei landa som seinare tiltredde avtalen var blant anna Sovjetunionen (sjølv om sovjetarane i 1944 såg for seg ei anna løysing, sjå lengre ned).
Ikkje berre nordmenn men òg svenskar har gjennomført geografiske ekspedisjonar for å utforske øya. Ein svensk ekspedisjon gjennomførte dei fyrste undersøkingane i Ellasjøen, ein innsjø som ligg på den sørlege delen av Bjørnøya. I perioden fram til 1930-talet var det fleire ekspedisjonar som skildra geologi, flora og fauna. Heilt sidan 1609 har ein vore kjent med at øya hadde førekomstar av kol. Gruveanlegget ved Tunheim vart etter kvart etablert med 25 hus, og i perioden 1915–40 vart det gjort optimistiske, men mislukka forsøk på lønsam gruvedrift. Rester av jarnbanelina frå gruvene til utskipingshamna på øya er framleis synleg.
Heile Bjørnøya var i privat eige frå Bjørnøen AS vart skipa i 1918 fram til 1932, då staten overtok alle aksjane. Bjørnøen AS eksisterer framleis som eit statleg aksjeselskap. Styret for Kings Bay AS er òg styre for Bjørnøen AS. Styret er underlagt eigarskapsseksjonen i Nærings- og handelsdepartementet.
Etter ubåthavariet i 1989
endreDen 7. april 1989 braut det ut brann på den sovjetiske atomubåten K-278 «Komsomolets», og han sokk 74 km sørsøraust av Bjørnøya. Av mannskapet på denne åtaksubåten omkom 42, mens 25 vart redda. Andre episodar av liknande (men truleg mindre alvorleg) karakter skjedde i same periode i farvatn noko lenger unna Bjørnøya. Norske analyser av prøver tatt i 1994 på havbotnen ved «Komsomolets» har vist at radioaktivt plutonium lek eller har leke ut av dei to atomtorpedoane i vraket [treng kjelde].
I 2002 vart Bjørnøya med sjøområdet ut til fire nautiske mil freda som naturreservat.
Geografi
endreMesteparten av øya er verna som Bjørnøya naturreservat. Midtpunktet på øya ligg kring 74°26′ N 19°04′ A. Bjørnøya naturreservat vart oppretta ved kongeleg resolusjon den 16. august 2002. Naturreservatet omfattar heile øya og tilhøyrande sjøområde ut til fire nautiske mil, med unnatak av eit mindre landareal (1 200 daa) omkring stasjonen i nord.
Øya er omtrent hjarteforma, med ein spiss omtrent rett mot sør, og måler om lag 20 km frå nord til sør. Ho er om lag 15 km på det breiaste. Ho stikk opp frå eit undervassplatå med djup på mindre enn 100 meter. Øya er sterkt påverka av bylgjeaktivitet, og er difor nesten overalt omgjeven av bratte berg. Landskapet kan naturleg bli delt i eit sørleg fjellområde og eit nordleg låglandsområde. Fjellområdet utgjer om lag 1/3 av arealet av øya, mens låglandsområdet utgjer 2/3. Låglandsområdet endar oftast i ein 10-30 meter høg og bratt kant mot sjøen, noko som dei fleste stader gjer landing med båt vanskeleg. Det finst einskilde viker med sandstrender og sandbotn, men heller ikkje desse er særleg godt verna mot vind og sjø. Kystlina er svært eksponert overalt, og havet grev seg stadig innover, særleg i dei yngre, lause bergartane der erosjonen går raskt.
Den sørlege delen av øya er dominert av fjellmassiv. Miseryfjellet med dei tre toppane Urd (536 meter) Verdande (462 m) og Skuld (454 m), og Antarcticfjellet på 360 m pregar søraustkysten. Frå sørspissen og fem kilometer oppover langs vestkysten reiser Fuglefjellet (411 m), Hambergfjellet (440 m) og Alfredfjellet (420 m) seg som høge berg frå havet. Rundt den sørlegaste delen av øya er det loddrette stup på meir enn 400 m som går rett i havet. Høge, frie fjellvegger nær kysten finn ein òg på austsida av Miseryfjellet. Nær sørspissen har erosjonen til bylgjene saman med oppsprekkinga i bergartane forma trolske oppstikkande «staurar», som Sylen og Stappen. Mindre staurar finst òg på nordaust- og vestsida av øya. På sørøya finn ein kystholer, blant anna den kjente Perleporten kor det er råd å passere med småbåt.
Bjørnøya har over 700 små vatn, som dekkjer omkring elleve prosent av arealet. Dei største vatna er Øyangen midt på øya og Laksvatnet i nord. I sør ligg Ellasjøen, som fekk namnet sitt etter namnet på kona til leiaren for ein svensk forskingsekspedisjon på 1920-talet. Mellom andre vatn kan ein nemne Spælvatnet, Vomma, Helin, Kalven, Lomvatnet og Hausvatnet.
Dyre- og fugleliv, ferskvassfisk
endreDet er sjøfuglane som dominerer dyre- og fuglelivet på Bjørnøya. Dei hekkar i bergveggene rundt heile øya, men spesielt store er koloniane rundt sørspissen. Samla sett blir Bjørnøya rekna for å ha ein av dei største sjøfuglkoloniane på den nordlege halvkula. Ein av grunnane til opprettinga av Bjørnøya som naturreservat var at torvavsetjinga på toppen av fuglefjella er sårbare, og ville kunne bli påført stor skade eller bli øydelagde utan eit tilstrekkeleg vern.
Fuglar
endreHeile 126 fuglearter er registrerte på eller ved øya, somme av dei rett nok truleg tilfeldige gjestingar av fugl med leveområde lenger sør. 33 artar er registrerte som hekkande.
Blant dei mange fugleartane som hekkar på øya kan ein mellom anna nemne: alkefugl (som lomvi, polarlomvi (òg kalla islom), alkekonge, lunde, teiste og alke), måsefuglar (som krykkje, polarmåse, svartbak og raudnebbterne), vassfuglar som andefuglar og lommar, og andre sjøfuglar som havhest, tjuvjo og storjo. Snøsporven er den einaste sporvefuglen som er vanleg på Bjørnøya, likevel trur ein at nokre få steinskvettar òg hekkar her.
Om hausten er Bjørnøya viktig rasteplass og beiteområde for trekkjande gjæser på veg sørover til vinterområda frå Spitsbergen og andre delar av Svalbard. Dette gjeld fyrst og fremst kvitkinngås, der så godt som heile førekomsten mellomlandar på Bjørnøya. Kortnebbgås og ringgås nyttar òg Bjørnøya til mellomlanding på veg sørover. Nokre få par av kortnebbgås og kvitkinngås hekkar på øya.
Andre polare fuglar som er observert er svalbardrype og snøugle.
Pattedyr
endreAv pattedyr er det ein unnseleg førekomst av polarrev på øya, og det er jamlege gjestingar av isbjørn òg.
Ferskvassfisk
endreFerskvassfaunaen blir skildra som fattig. Svalbardrøye er den einaste fiskearten.
Den strategiske betydninga til Bjørnøya
endreBåde under andre verdskrigen og under den kalde krigen hadde farvatna rundt Bjørnøya stort militærstrategisk verd. Sjølv om militærinstallasjonar eller hamner på sjølve øya ikkje gjev mykje meining, har det vore av stort verd kva land eller alliansar som har herska over denne delen av Barentshavet.
Under andre verdskrigen kom korkje Bjørnøya eller resten av Svalbard under tysk militær kontroll, men i september 1941 plasserte den tyske marinen ein automatisk radiostasjon på øya.
Dei vestallierte forsyningskonvoiane med militærutstyr til sovjetrussarane sigla frå Atlanterhavet og forbi Bjørnøya (sør eller nord for øya) på vegen sin til Murmansk og andre hamner på Kolahalvøya, og åtaka frå den tyske krigsmarinen og Luftwaffe på konvoiane var særleg intense i nettopp dette farvatnet. Til dømes hadde konvoien PQ-17, den som vart gjenstand for dei kraftigaste åtaka, dei største tapa sine i området nord for Bjørnøya i juli 1942. Dei nesten like dramatiske åtaka på konvoien JW 51B fann stad nyårskvelden 1942 aust for Bjørnøya.
Sjøslaget ved Nordkapp mellom den britiske og den tyske marinen utspelte seg over eit stort sjøområde søraust for Bjørnøya jula 1943, og byrja nokså nær Bjørnøya. Her miste tyskarane slagskipet «Scharnhorst».
I november 1944 kom utanrikskommissæren til Sovjetunionen, Vjatsjeslav M. Molotov, med framlegg til den norske utanriksministeren, Trygve Lie (London-regjeringa), om at Svalbardtraktaten skulle bli annullert, eller «kastast i papirkorga», som han sa. Molotov meinte at hovudøygruppa med Spitsbergen skulle gjerast til eit norsk-sovjetisk «kondominium», dvs. komma under norsk-sovjetisk felles administrasjon. Bjørnøya skulle derimot bli overført til sovjetisk suverenitet. Seinare, i april 1945 var «framlegget» justert: No meinte russarane at ein skulle einast om at «forsvaret av Svalbard-øygruppa er eit fellesomstende for Noreg og Sovjetsamveldet.» Til gjengjeld unngjekk dei omgrepet «kondominium», og det vart ikkje sagt noko om at Bjørnøya skulle bli overført til sovjetisk suverenitet.
Sovjetunionen fråfall deretter i all stille den pågåande interessa si for justeringar av status quo.
Under den kalde krigen var farvatna mellom Finnmark og Svalbard av stor militær interesse. Den sovjetiske nordflåten måtte gjennom desse farvatna for å nå ut til Nordatlanteren. Dette gjaldt utan vilkår alle overflateskipa, og sjølv om ubåtane kunne nytte seg av ruter nord for Svalbard ville dei likevel vanlegvis passere mellom det norske fastlandet og Bjørnøya, eller mellom Bjørnøya og Spitsbergen, ettersom dette var den kortaste og lettaste kursen. NATO-overvakinga av farvatna var intens, både med skip, fly (som frå den norske 333-skvadronen), satellittar og til dømes lytteutstyr på havbotnen.
Den norske kystvakta og 337- og 330-skvadronane i luftforsvaret er framleis engasjert i overvaking av farvatna, men no er hovudgrunnen for overvakinga knytt til forvaltinga av dei store fiskeriressursane i havområda. Det gjeld å hindre overfiske og tjuvfiske. Det har vore, og tildels er, særlege vanskelege konfliktar med utanlandske fiskarar, mellom anna med islandske og russiske fiskebåtar [treng kjelde].
I slutten av oktober 2005 sa sjefen for kystvakta, Geir Osen, at ein i 2004 dokumenterte eit uregistrert fiske i Barentshavet på 100 000 tonn torsk[treng kjelde]. Det svarer til fisk for éin milliard kroner eller ein femdel av det lovlege fisket i området. Det er i hovudsak russiske fiskefarty som står bak tjuvfisket, meinte Osen. På sikt kan overfiske føre til at ein ikkje når målet om ei berekraftig utvikling.
Kystvakta har registrert at det skjer mykje omlasting av fisk til havs. Omlasting tyder at eit fiskefarty leverer fangsten til eit transportfarty som bringar fiskeprodukta til land, for eksempel ei hamn i Europa. Kystvakta meinte at mykje tyder på at ein del av fisken som blir omlasta, aldri blir rapportert til dei norske styresmaktene. Dimed blir kvotane overfiska. Overfisket er ein trussel mot spesielt førekomsten av torsk i Barentshavet.
Bjørnøya og Hopen har tradisjonelt vore dei områda der omlastinga har skjedd. I 2004 vart det òg registrert auka omlasting i Gråsona, Smuttholet og Smutthavet.
Verksemd på Bjørnøya i dag
endreDet er ikkje permanent busetnad på øya, men på nordsida av øya ligg Bjørnøya meteorologiske stasjon der det bur tilsette året rundt. Stasjonen ligg i Herwighamna og er den einaste faste verksemda på øya. Her er det normalt ni tilsette med halvårskontraktar.
Bjørnøya meteorologiske stasjon
endreArbeidet på Bjørnøya meteorologiske stasjon er for det meste telekommunikasjon (Bjørnøy radio) og meteorologiske observasjonar. I tillegg gjer mannskapet noko arbeid for ein del forskingsinstallasjonar for norske og utanlandske forskingsinstitusjonar. Eit nytt stasjonsbygg vart teke i bruk i 1968.
Bjørnøya radio
endreBjørnøya radio (LJB) vart skipa i 1919. Hausten 1996 vart ekspedisjonen fjernstyrt over satellitt og blir no styrt frå Bodø radio.
Forsking i dag
endreNorsk Polarinstitutt gjennomfører ekspedisjonar til Bjørnøya kvart år, for det meste i ornitologiforsking. Utsiktene til oljeleiting i farvatna sør for Bjørnøya har auka verdien av forsking og observasjonar. Det var bakgrunnen for at polarinstituttet i 1986 etablerte eit program for overvaking av sjøfuglførekomstane på Bjørnøya.
Forsking på klimaendringar og miljøforgifting blir i aukande grad vektlagt.
I dei seinare åra har natur- og miljøforskinga som har vore gjennomført på øya, fått fram resultat som vekkjer internasjonal oppsikt. På 1980-talet vart det funne daude polarmåsar på Bjørnøya. Funn av miljøgifter i det arktiske miljøet og ei byrjande forståing for at miljøgifter kan transporterast langt med luft- og havstraumar resulterte i at overvakingsprogrammet AMAP (Arctic Monitoring and Assessment Programme) vart starta opp i 1991. Miljøgiftene på øya er langtransporterte og kjem frå dei industrialiserte landa lenger sør. Organiske miljøgifter blir oppkonsentrert i dei feittrike arktiske næringsskjedene og fleire undersøkingar har vist at miljøgiftene kan påverke dyrelivet negativt.
Turisme
endreTuriststatistikken for Bjørnøya er svært mangelfull. Dette skuldast mellom anna at ein del båtar kjem innom Bjørnøya på tur nordover, utan å ha vore i kontakt med Sysselmannen på Svalbard. Det vart omkring tusenårsskiftet likevel registrert ein noko aukande frekvens av turistar som vitja øya. Det er berre registrert turistferdsel i månadene frå juni til september.
Ut frå kor det er råd å koma i land og kjennskapen til kor folk går i land, veit ein at det er i Sørhamna, Kvalrossbukta, Russehamna og Herwighamna (stasjonen) det oftast går folk i land frå båtar. Ved gode vêr- og landgangstilhøve blir Tunheim år om anna gjesta òg. I tillegg må det nemnast at fleire av båtane som passerer Bjørnøya, går opp mot land ved fuglefjella sør på øya med turistar.
Bygningar og museum
endreLokalet til gamle Bjørnøya radio er i dag innreidd som eit museum. Dette radiobygget vart bygd på 1940-talet.
Diverse
endreBjørnøya blir omtala i spenningsromanen «Bear Island» skriven av Alistair MacLean frå 1971. I 1979 vart boka filmatisert, med filmstjernene Donald Sutherland, Richard Widmark, Vanessa Redgrave og Christopher Lee. Filminnspelinga fann stad i Canada og Alaska, og landskapsscenene har slett ingen likskap med det verkelege landskapet på Bjørnøya.
Sjå òg
endreLitteratur
endre- Bjørnøya: historie, natur og forskning. (Tromsø museum, 2004) ( hefte, 72 s.) (temanr av Ottar ; nr 253)
- Willem Barentsz' siste reise / etter Gerrit de Veers skildring frå 1598 ; omsett og med innleiing, kommentarar og noter av Inez Boon Ulfsby. (Aschehoug, 1997)
- Keilhau, B.M. (1797–1858). En reise til Beeren Eiland og Spitsbergen i 1828. (Skien: Vågemot miniforl., 1997) (hefte, 48 s.)
- Kjelldahl, Dag Hagenæs. Bjørnøya: På utpost i ishavet. (Grøndahl forlag, 1973)
- Worsley, David mfl «The geological evolution of Bjørnøya, Arctic Norway: implications for the Barents Shelf» (Norwegian Journal of Geology 81, 195–234, 2001)
Bakgrunnsstoff
endre- Kart over heile Arkivert 2007-09-27 ved Wayback Machine. øya, samt nordenden Arkivert 2007-09-27 ved Wayback Machine. og sørenden Arkivert 2007-09-27 ved Wayback Machine..
- Sysselmannen på Svalbard: Forvaltningsplan for Bjørnøya 2003-2008, Administrative plan for Bjørnøya 2003-2008 Arkivert 2005-10-29 ved Wayback Machine.
- Sysselmannen på Svalbard, 2003. Forvaltningsplan for Bjørnøya 2003-2008, Administrative plan for Bjørnøya 2003-2008, 11. okt. 2004 Arkivert 2005-05-22 ved Wayback Machine.
- Meteorologisk Institutt: Om Bjørnøya Arkivert 2005-11-14 ved Wayback Machine.
- Tromsø geofysiske observatorium: Om Bjørnøya Arkivert 2006-06-15 ved Wayback Machine.
- Harmon D. Maher, University of Nebraska: Geology of Bear Island, Norway
- Lovdata: Forskrift om fredning av Bjørnøya naturreservat på Svalbard
- Sven G. Holtsmark: Noreg og Sovjetunionen - bilaterisering og fellesstyre Arkivert 2005-10-29 ved Wayback Machine.
- Kultur på Bjørnøya på kart frå Kulturnett.no