Bjørn Pedersen (1920-2012)

norsk motstandskjempar

Bjørn Pedersen (13. august 19205. november 2012) var under andre verdskrig sersjant og seinare fenrik i Kompani Linge. Han er først og fremst kjend for å ha delteke i Thamshavn-aksjonen og ubåtaksjonen Operasjon Barbara på hamna i Bergen.

Bjørn Pedersen (1920-2012)

Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. august 1920
Bergen
Død

5. november 2012 (92 år)

Yrke militær

Familie og bakgrunn endre

Foreldra hans var Karl Christoffer Pedersen og Betzy Lagertha Natalia f. Andersen. Dei budde i Bergen og faren var kaptein i utanriksfart. Bjørn var den yngste i syskenflokken. I barndomsåra hans budde familien på Sydnes i Bergen, men omkring 1930 flytta dei til Oslo. I 1932 døydde mora, Betzy Pedersen, og i romjula det året reiste Bjørn til Ørsta for å bu hos slektningane sine der. Han gjekk dei to siste åra på folkeskulen i Ørsta og vart konfirmert i Ørsta kyrkje i juni 1934. Seinare det året flytta han attende til Oslo og fekk seg arbeid, ei tid som volontør på eit kontor i Oslo. Om sumrane oppheldt han og familien seg det meste av tida på Gressholmen og her kom han i kontakt med fly-miljøet på Oslos første flyplass, Gressholmen sjøflyhamn.

Vinterkrigen i Finland endre

I november 1939 gjekk Sovjetunionen til angrep på Finland, det som vart opptakta til Den finske vinterkrigen. Saman med fire kameratar var Bjørn då på veg til ein konkurranse i seglflyging i Finland. På grunn av krigshandlingane vart konkurransen avlyst og Bjørn melde seg som frivillig for å hjelpe Finland i forsvaret mot bolsjevikane. Som maskingeveærskyttar i eit infanterikompani var han i kamp heilt opp til den russiske grensa ved Salla-fronten (Slaget om Salla). Krigshandlingane varte fram til mars 1940 då Finland gjekk med på ein fredsavtale.

Den andre verdskrigen endre

9. april 1940 kom Bjørn attende til Oslo med tog frå Sverige, og på Østbanestasjonen dumpa han rett opp i dei tyske troppestyrkane som hadde marsjert inn i byen den same dagen. Han var aldri i tvil om at han skulle melde seg til forsvar av landet, og allereie dagen etter reiste han nordover saman med to kameratar, Martin Gran og Kristian Nyerrød. Dei kom seg til Hamar der dei fann norske styrkar frå Opland Dragonregiment, og der fekk dei våpen og norske uniformer. Bjørn og kameratane fylgde deretter med dei norske styrkane nordover og dei tok del i nokre trefningar og aksjonar opp etter Gudbrandsdalen. Frå Åndalsnes drog dei over til Molde og vidare ut til kysten. Om kvelden 3. mai reiste Bjørn og kameratane nordover med motorkryssaren «Kryssern», kaptein var Knut Huse. Båten var rekvirert av marinekommando Møre og vart brukt til ulike oppdrag, no var dei på veg nordover med forsyningar, norske soldatar og nokre sivile, mellom dei Sigrid Undset, Stina og Fredrik Paasche og familien Olav Scheflo.

Dei tre karane kom etter kvart til Tromsø og dei melde seg attende til norske styrkar, på Bardufoss flystasjon. Alle tre hadde litt erfaring med flyging frå før, og dei byrja på ein flyskule for opplæring til flygarar. Kaptein Ole Reistad beordra instruktørar og eit fly til føremålet, ein Tiger Moth.

7. juni reiste dei frå Noreg om bord på den engelske kryssaren HMS «Devonshire» (1927), for å fare til England. Om bord på skipet var òg kongen og kronprinsen og mange framståande nordmenn, mellom dei medlemer av den norske regjeringa. Kort tid etter at Bjørn var komen til London, gjekk turen vidare til Canada for å halde fram med flygarutdanninga ved flyvåpenet sin treningsleir, Little Norway, nær Toronto. Etter avslutta kurs vart Bjørn Pedersen, av medisinske årsaker og ein vrangvillig lækjar, likevel ikkje klarert til fly-teneste saman med dei andre i kullet. Dei to kameratane hans, Martin Gran og Kristian Nyerrød deltok seinare som flygarar i luftkrigen mot Tyskland.

Kommando-operasjonar endre

Bjørn Pedersen fekk reise med ein av dei store konvoiane over Atlanterhavet tilbake til England, og sommaren 1941 melde han seg til teneste ved Kompani Linge. Dei som skulle i aktiv teneste i Kompani Linge måtte gå gjennom ei rekke kurs for å bli opplært til kommandosoldatar og sabotørar. Bjørn fekk lære våpenhandtering, spionasje, sprengingsarbeid, fallskjermhopping og meir. Han fekk lære Jiujitsu og «silent killing» og fekk til og med opplæring i å køyre damplokomotiv.

Sabotasjeaksjonane som Linge-karane utførte i Norge er grundig skildra i bøkene om Linge-karane, mellom andre i boka «Kompani Linge» bind I. Av ymse årsaker fekk ikkje Bjørn høve til å ta del i særs mange aksjonar i Noreg, men ein som han var med på, var då Linge-karane løytnant Peter Deinboll, Olav Sættem og Bjørn Pedersen i september 1942 gjennomførte ein vellukka sabotasjeaksjon i Thamshavn i Orkanger, der 5000 tonnaren «NORDFAHRT» vart senka.

Etter ei tid kom Bjørn med i den spesielle gruppa som vart kalla «operasjon Barbara» i regi av Royal Navy, den britiske marinen, og fekk opplæring i bruk av ei helt ny farty-type: einmannsubåten Welman submarine.[1] Det var under denne opplæringa, truleg 9. september 1943, at han vart utsett for eit uhell som nesten kosta han livet. Han låg ved sidan av depotskipet «HMS Titania» og skulle trimme ubåten, då ei plutseleg bylgje fylte cockpiten med sjø og han sokk til botn med Bjørn ombord. Etter nokre dramatiske minutt dukka han opp på overflata, livlaus å sjå til og blødande frå øyrer, nase og munn. Han hadde då vore under vatn i om lag ein halv time og truleg var det bruken av ei primitiv pustemaske, ei «monsen-lunge», som redda livet hans. Takka vere Bjørn sin gode fysikk, og snøgg og fagkunnig handsaming av personell på basen, kunne han etter berre kort tid forlate sykelugaren. Ein engelsk offiser, CDO Cyril Lafferty, som var ombord på det nærliggjande skipet HMS Reclaim, fortalde at Bjørn straks etter kom opp att på dekk og bad om å få ta ut ein annan ubåt for å halde fram med øvinga, og han avslutta slik: «This was typical of those cool-customer Norwegians».

20. november 1943 forlet motortorpedobåtane MTB635 og MTB625 Lunna Voe, Shetland, og om bord var dei fire ubåtane, Welman W45 (pilot: Lt. Carsten Johnsen), W46 (pilot: Lt. Bjørn Pedersen), W47 (pilot: Lt. B. Marris) og W48 (pilot: Lt. J. Holmes). Ubåtane vart sjøsett ved Sollsvika på nordenden av Sotra og skulle trenge inn i inste del av Bergen hamn for å sprengje m.a. den store flytedokken. Under denne aksjonen kom ubåten til Bjørn Pedersen under eld og vart senka, og han vart teken til fange av tyskarane. Sjå meir om aksjonen på sida: Operasjon Barbara.

I tysk fangenskap endre

Då Bjørn vart teken til fange under ubåtaksjonen på Bergen hamn i november 1943, var han utstyrt med britisk uniform og papir som viste at han var sub-løytnant (fenrik) i den britiske marinen (Royal Navy). Under fangenskapet heldt han heile tida fast på at han var britisk offiser; hadde tyskarane blitt klar over at han var norsk motstandsmann, ville han ha blitt rekna som sabotør og drepen. Han vart først teken i forhøyr av ein offiser frå den tyske marinen, deretter kom han på Gestapohuset i Bergen. Etter ei tid vart han send til Oslo og sat på celle i Akershus. Så vart han send til Århus i Danmark og derifrå til Bremen. I forhøyrsleiren Westertimke sat han ei tid i isolat, og 28. november 1943 vart han send til krigsfangeleiren Marlag und Milag Nord [2]. Der sat han som fange nr. 1181 i om lag eit og eit halvt år.

I april 1945 nådde britiske styrkar fram til området ved Marlag und Milag (Bremen vart erobra av det XXX’de armékorps 26. april). I leiren skjøna dei at dei allierte styrkane nærma seg; det vart stor aktivitet av fly og troppetransportar i området, og dei visste at krigen var i sluttfasen. Dei tyske styrkane tok til å trekke seg attende og dei bestemte då at fangane skulle flyttast. 2. april kom ei avdeling på over hundre SS-Feldgendarmerie inn i leiren, samla over tre tusen fangar og la så ut på ein lang marsj - «dødsmarsjen over Lüneburger Heide» og nordover mot Austersjøen. Under denne ferda kom dei fleire gonger under angrep av allierte fly som mistok dei for tyske tropper, og mange vart drepne. Om nettene måtte dei spreie seg og ligge dørgende stilt ute på markane, for ikkje å bli oppdaga i skinet av «flares» som vart skotne ut av nattjagarane. Etter mange strabasar nådde dei fram til Lübeck, 12 dagar etter at dei reiste frå fangeleiren. Kort tid etter slutta krigshandlingane og 1. mai 1945 vart dei endeleg frigjort av British 11th Armoured Division i Lübeck.

Etter krigen endre

Då Bjørn kom tilbake til England etter frigjeringa, hadde han berre papir som viste at han var sub-løytnant i den britiske marinen, og det var nære på at han vart utkommandert til ny teneste i fjerne austen. Men han vart til sist overført tilbake til Kompani Linge, med fenriks grad, og ikkje lenge etter kunne han reise heim til eit fritt Noreg. 7. juni 1945 kom han frå Shetland med ei skøyte til Ålesund, på dagen fem år etter at han drog ut frå landet om bord på HMS «Devonshire» (1927) i 1940.

Etter freden fekk Bjørn jobb på eit kontor i Oslo, men etter ei tid vart han tilsett i DNL (seinare SAS) som trafikkassistent på Fornebu. Han vart seinare avdelingssjef for plattformtenesta på Fornebu, ei stilling han hadde til han gjekk av med pensjon i 1986. Han døydde 5. november 2012, 92 år gamal.

Bjørn Pedersen vart høgt dekorert for sin krigsinnsats. Han fekk tildelt St. Olavsmedaljen med eikegrein, Deltakarmedaljen med rosett og Haakon VIIs 70-årsmedalje. Av britane fekk han tildelt Military Medal og Mentioned in Despatches. Frå Finland fekk han òg tildelt Medaljen for norske finlandsfrivillige 1940.

Utmerkingar
 
St. Olavsmedaljen med ekegren
 
Deltakarmedaljen med rosett
 
Haakon VIIs 70-årsmedalje
 
Military Medal
 
Medaljen for norske finlandsfrivillige 1940

Referansar endre

  1. [1] MCDOA - Omtale av Welman-ubåten og operasjon Barbara.
  2. http://www.digplanet.com/wiki/Marlag_und_Milag_Nord

Litteratur endre

  • Kompani Linge» Bind 1 - LibriArte 1995
  • Knut Huse (red.): Den Tapte krig : møringar i strid på land og sjø 1940-45» - Møre forlag (1985)
  • Erik Gjems-Onstad(red.): Krigskorset og St. Olavsmedaljen med ekegren- Grøndahl og Dreyers (1995)=
  • Fredrik Widmark (1973). Kampen om Thamshavnbanen I : Det første sabotasjeangrepet Malmtransporten. F.J. Widmarks forlag. 
  • Kristian Nyerrød: En av de mange - TankeStreken AS Sandvika (1995)
  • Chris Mann: British Policy and Strategy towards Norway, 1941-45 - Palgrave Macmillan (2012)

Bakgrunnsstoff endre