Bjørn Trumpy

norsk professor og fysikar

Bjørn Trumpy (fødd 6. juli 1900 i Bergen, død 8. juni 1974)[1] var ein norsk fysikar. Trumpy er kjend for undersøkingar innan atom- og molekylærfysikk, kosmisk fysikk og kjernefysikk. Han nedla òg eit stort arbeid i samband med opprettinga av Universitetet i Bergen og var den første rektoren på universitetet.

Bjørn Trumpy

Fødd6. juli 1900
Bergen
Død8. juni 1974
NasjonalitetNoreg
Yrkefysikar, professor
InstitusjonarUniversitetet i Bergen

Han virka ved NTH frå 1918 til 1935, der han studerte til kjemiingeniør (1922) og dr.techn. i fysikk (1927), studerte hos Max Born i Göttingen og Niels Bohr i København, og virka seinare som dosent i fysikk (1932-35).[2] Deretter overtok han etter Ole Andreas Krogness ved Geofysisk Institutt i Bergen (1935-59). Han vart leiar for Bergen Museum (1946), leia det lokale Magnetisk Byrå og planla Institutt for fysikk og teknologi ved det komande Universitetet i Bergen. Der vart han seinare professor i jordmagnetisme og kosmisk fysikk, såvel som førsterektor (1948). Han skreiv rundt hundre vitskaplege avhandlingar om atom- og molekylfysikk, kosmisk stråling og kjernefysikk og var tilknytt CERN i sine seinare år (1960).

Trumpy leia Norsk Geofysisk Forening (1946-57) og Norsk Fysisk Selskap (1954-57), der han òg vart æresmedlem (1972). Han vart kommandør av Den Kongelige St. Olavs Orden (1951). Ved Universitetet i Bergen finn ein Bjørn Trumpys hus.[1]

Kjelder endre