Europameisterskapen på skeiser 1970/Menn

Europameisterskapen på skeiser 1970 fann stad i Innsbruck i Austerrike helga 24. og 25. januar 1970. 32 utøvarar frå 11 land deltok i meisterskapen, av dei fem frå Noreg. Dei norske utøvarane var Dag Fornæss, Roar Grønvold, Per Willy Guttormsen, Magne Thomassen og Bjørn Tveter. Deltakarane elles kom frå Austerrike, Finland, Italia, Nederland, Polen, Sovjetunionen, Sveits, Sverige, Ungarn, Vest-Tyskland.

Ard Schenk, EM-vinnaren, under meisterskapen i Innsbruck

Ard Schenk frå Nederland vart europameister, 0,09 tidspoeng framom tittelforsvarar Dag Fornæss. Schenk fekk bestetid på 1500 m og Fornæss vann 10000-meteren. Vesttyske Erhard Keller gjekk fortast av alle på 500 meter og nederlendaren Kees Verkerk var bestemann på 5 000-meteren.

Skeise-EM 1970Endra

Plass Utøvar Land Poeng
  Ard Schenk   Nederland 175,625
  Dag Fornæss   Noreg 175,715
  Göran Claeson   Sverige 176,265
4 Jan Bols   Nederland 176,543
5 Magne Thomassen   Noreg 176,755
6 Roar Grønvold   Noreg 176,955
7 Kees Verkerk   Nederland 177,658
8 Bjørn Tveter   Noreg 177,843
9 Kimmo Koskinen   Finland 179,492
10 Per Willy Guttormsen   Noreg 179,615


KjelderEndra