Bjørnar Julius Olsen (fødd 2. januar 1958) er ein norsk arkeolog.

Bjørnar Olsen
Fødd2. januar 1958
NasjonalitetNoreg
Yrkeantropolog, arkeolog, professor, forfattar
InstitusjonarUniversitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet

Olsen tok magistergrad i arkeologi ved Universitetet i Tromsø i 1984. Han var så gjesteforsker ved University of Cambridge 1985-86, førsteamanuensis ved Universitetet i Tromsø frå 1988, fekk professorkompetanse i 1991, og vart professor i arkeologi ved UiT frå 1994. Han har deretter vore gjesteforskar ved University College London i 1997-98, og ved Stanford University i 2003, 2007-08 og 2013.

Han har publisert ei rekkje bøker, blant anna Bosetning og samfunn i Finnmarks forhistorie (1994), Fra ting til tekst (1997), Samenes historie fram til 1750 (2003, med Lars Ivar Hansen), In Defense of Things (2010), Persistent Memories (2010, med Elin Andreassen og Hein Bjerck), Archaeology: The Discipline of Things (2012, med Michal Shanks, Timothy Webmoor og Chris Witmore) og Ruin Memories: Materiality, Aesthetics and the Archaeology of the Recent Past (redaktør saman med Þóra Pétursdóttir).

Han er i redaksjonen til ei rekkje arkeologiske tidsskrift, og har delteke i fleire sentrale akademiske komitear, mellom dei fagkomiteen for humaniora ved Noregs forskingsråd.

Olsen er spesialist i teoretisk arkeologi, materielle kulturstudiar og nordskandinavisk arkeologi, og har blant anna markert seg sterkt innanfor samisk arkeologi og samtidsarkeologi.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre