Opna hovudmenyen

Bjørnsund fyrstasjon er eit fyr som ligg på Bjørnsund i Fræna kommune i Møre og Romsdal og var bemanna fram til 1993.

Bjørnsund fyrstasjon
Bjørnsund, Møre og Romsdal (21453377273) (2).jpg
Bjørnsund fyr
Foto: Gunvor Røkke
FylkeMøre og Romsdal
KommuneFræna
FunksjonLeifyr
Oppretta1871
Koordinatar62°53.7460′N 6°48.9613′EKoordinatar: 62°53.7460′N 6°48.9613′E
Fyrtårn
Høgd9,0
FormFyrbygning med tårn
Fyrlys
LyskarakterTo okkulterande glimt kvart 8. sekund
Lysstyrke16 200 cd
Lyshøgd26 moh
Lysvidde15,3 nm
Status
EigarStaten
Automatisert1993
Avfolka1993
Bjørnsund fyrstasjon is located in Møre og Romsdal
Plasseringa til Bjørnsund fyrstasjon

Lykta har ei høgd på 26 meter over havet og lysstyrken er 16 200 candela, som gjev ei rekkevidd på 15,3 nautiske mil.

Fyret vart bygd for å betre navigasjonstilhøva ved innseglinga frå Hustadvika til den indre leia. Fyret vart tent første gong i 1871. I 1882 vart det gjort krav frå fiskarane og andre overlosen om å gjere lyset sterkare, noko som skjedde i 1886. I 1902 vart det installert eit 2. ordens linseapparat. I 1899 vart det søkt om å få tåkesignal på fyret, men dette kom først i 1917. Ved tåke gav hornet eit signal kvart 10. sekund.

I 1948 fekk stasjonen elektrisk straum og ein supertyfon gav betre tåkesignal. Ein spesiell tåkedetektor vart installert for å skjere ned på mannskapet, men denne fungerte ikkje under dei tøffe vêrtilhøva på Hustadvika.

I 1957 vart det oppretta radiofyr, som vart erstatta av radarfyr (Racon) i 1977, eitt av dei første i landet. Stasjonen vart omgjort frå familiestasjon til tørnstasjon i 1974.

Sjå ògEndra

KjelderEndra