Bjarkøyretten (norrønt biarkeyiarréttr, fornsvensk bjærkøa rætter ) var lovverk som regulerte livet på handelsplassar (birk) og i byar i Norden i tidleg mellomalder. Altså ei bylov for byar i mellomalderen.

Dei eldste kjende bjarkøylovene i Norden er frå dei to norske byane Nidaros (Trondheim) og Bergen, frå 1100- og 1200-talet. Bjarkøyretten for Lödöse i Västergötland finst teken vare på frå år 1345. Det finst òg delar av andre bjarkøylovtekster frå 1300-talet.

Namnet på den eldste byen i Sverige, Birka, kan òg ha hatt meininga marknadsplass, ein kaupang eller kjøpstad. Bjarkøyretten kan dermed bety lov for kaupangen, eller bylova.

Bjarkøyretten vart i Noreg avløyst av kong Magnus Lagabøte si bylov og landslov på 1270-talet.

Bakgrunnsstoff endre

  • Bjarkøyretten. Omsett av Jan Ragnar Hagland; Jørn Sandnes. Det norske Samlaget. 1997.