58°1′58.177″N 12°9′13.050″E / 58.03282694°N 12.15362500°E / 58.03282694; 12.15362500

Lödöse museum

Lödöse er ein svensk tettstad i Lilla Edets kommun i Västra Götalands län i landskapet Västergötland. I år 2005 hadde tettstaden 1 265 innbyggjarar.

Lödöse var den viktigaste hamnebyen på den svenske vestkysten i 500 år. Alt på midten av 1000-talet byrja staden å få bymessig form. Lödöse er første gong nemnt på 1100-talet av den danske historikaren Saxo Grammaticus, og i Knyttlingasagan er det ein by med tre kyrkjer, kastell, kongsgard og ein myntverkstad. I løpet av 1200-talet vart kastellet ombygd til eit boranlegg, Lödösehus, som administrativt sentrum for Västergötland, Dal og Värmland. Lödösehus mista tydinga si då Magnus Eriksson bygde Lindholmen 1330, (ei borg ved Göta älv) og Älvsborg 1360. Lödöse blir stundom kalla Göteborgs forløper, Gamla Lödöse.

Lödöse i Västergötland var som den einaste hamna til Sverige i vest veldig viktig for sambandet vestover. Tilsvarande hamner finst i Kalmar og Söderköping og skil seg mykje frå Skara i Västergötland som var ein innlandsby. I Lödöse dreiv ein internasjonal handel med andre skandinaviske folk og tyskarar, engelskmenn og hollendarar. Tyskarane vart den dominerande handelsparten. Ein importerte varer som ikkje kunne skaffast i Sverige og såleis dyreproduksjonen i Västergötland, men òg tømmer og jarn. Kongsmakta bygde borga – Lödösehus – og starta myntverk for å ha kontroll med byen, men dei geografiske vilkåra ved vestgrensa gjorde at styret i byen mange gonger gjorde sjølvstendige avgjersler, fordi representantane for sentralmakta var for langt borte. Her som i det seinare bygde Nya Lödöse kom ein tiggarorden – dominikanarane – til å etablere seg 1243, ein kyrkjeinstitusjon ved sidan av kyrkjelydskyrkja og hospitalet. Det er seinare omtalt første gongen i 1286. Byen flytta i 1473 til utløpet av Göta älv (noverande Gamlestaden) for å unngå den norske kontrollen og skattlegginga ved Kungälv, der Bohus fästning var som ein lås for alle sjøfarande. Nordmennene hadde til og med ei landtunge på den svensken sidan av elva. Noko borg var det ikkje trong for byggje i Nya Lödöse, då Älvsborg var i nærleiken. Ei treborg vart av Gustav Vasa bygd om til ei steinborg

I dag høyrer Lödöse til Lilla Edets kommun. Mange funn frå mellomalderen gjort frå området finst i dag på Lödöse museum der desse er utstilt.

I juni kvart år spelar ein det mellomalderske teaterstykket Vid Ljuda Osars på ein friluftsscene bak Lödöse Museum. Teaterstykket blir arrangert av Studieförbundet Vuxenskolan og framført av eit 70-tals amatørskodespelarar. Teaterstykket handlar om kong Magnus Eriksson og dronninga hans Blanka av Namur, om staden sine spedalske og Heilage Birgitta. Ljuda er elv som renn gjennom Lödöse og osen er eit gammalt ord som tyder elvemunning.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre