Magnus Lagabøtes landslov

norsk lovverk, utarbeida 1274-1276

Magnus Lagabøters landslov var ei samling av lover som vart vedtekne på tinga rundt om kring i Noreg frå 1274 til 1276. Tidlegare hadde det vore landsdelslover, som gjaldt for dei ulike lagtinga, Frostating, Gulating, Borgarting og Eidsivating. Landslova vidareførte rettspraksisen frå mellom anna Gulatingslova. Kong Magnus VI av Noreg fekk tilnamnet Magnus Lagabøter på grunn av eit stort og omfattande arbeid med å forbetra, 'bøta på' dei norske landskapslovene. I same tidsrom var det vedteke ei eiga bylov, Magnus Lagabøters bylov, som gjaldt for byar. Magnus lagabøte sytte òg for at islendingane fekk ei ny lov. Han sendte først ei lovbok som vart kalla Járnsiða dit, men denne vart avløyst av Jónsbók få år etter. Jónsbók har vore gjeldande lov på Island langt inn i moderne tid. Noreg var det første landet i Norden som fekk éi lov for heile landet. Danmark fekk ikkje noka landsdekkjande lov før Kristian den femtes danske lov frå 1683. I Noreg vart Magnus Lagabøtes landslov avløyst av Kristian den fjerdes norske lov i 1604, men store delar av denne er ei omsetjing til dansk av Magnus Lagabøters landslov.

Magnus offentleggjer landslova
Landslov-manuskript frå riksarkivet

Manuskript endre

Det finst 31 utgåver av landslova.[1] Ho er mellom anna attgjeven i den illumunerte manuskriptet Codex Hardenbergianus frå 1300-talet.[2] Dette tilhøyrer Det kongelige bibliotek i København. Mellom 2018 og 2023 skal denne attgivinga vera ved Nasjonalbiblioteket i Noreg.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Aune, Oddvin (2. august 2018), ««Norges Magna Carta» tilbake til Norge etter 500 år», NRK (på norsk bokmål), henta 9. november 2022 
  2. Sunde, Jørn Øyrehagen (6. juni 2018). Magnus Lagabøtes Landslov. I Store norske leksikon.

Bakgrunnsstoff endre