Opna hovudmenyen

Bjarne Aagaard (18. januar 187329. september 1956) var ein norsk skipsmeklar, forretningsmann og forfattar frå Sandefjord. Han grunnla Farristapperiet, skreiv om kvalfangsthistorie og omsette lyrikk.

Bjarne Aagaard
Fødd 18. januar 1873
Død

29. september 1956

Yrke omsetjar, forretningsdrivande

Liv og gjerningEndra

Aagard reiste til sjøs som femtenåring. Han besøkte både Nord- og Sør-Amerika, før han vart tilsett ved eit shippingkontor i Glasgow. I 1892 vart han leiar for firmaet si avdeling i Greenock. Året etter flytta han til Hamburg, der han i 1898 starta eige meklarfirma. Etter ynskje frå norske reiarlag opna han i 1904 kontor i Hongkong, med avdelingar i Kobe og Yokohama. Han busette seg i Larvik i 1914 for å etablere Farristapperiet i byen. Han leia verksemda til 1920.

Frå 1925 vigde den pensjonerte forretningsmannen seg til ein omfattande forfattarskap om kvalfangst og historia om Antarktis. Han agiterte også internasjonalt for Noregs interesser i Sørishavet. Bibliografien hans over antarktis-litteratur frå 1950 omfattar 8000 innførsler. Aagaards boksamling, bygt opp for fangsthistoria, vart kjernen i Hvalfangstmuseet sitt bibliotek.

Aagard gav også ut to samlingar med gjendiktingar av persisk poesi.

Han var statsstipendiat frå 1941.

Aagaardbreen i Antarktis er kalla opp etter han.

LitteraturEndra

  • Omar Khayyam av Nishapur. 1926
  • Hafiz av Shiraz. 1927
  • The "Norvegia"-expedition and Bouvet Island. 1928
  • «Antarctic whaling and exploration» I: The Scottish geographical magazine, vol. XLV, Jan., March, 1929
  • Den gamle hvalfangst: Kapitler av dens historie. 1933
  • Antarktis 1502-1944: Oppdagelser, naturforhold og suverenitetsforhold. 1944
  • Den gamle hvalfangst: Kapitler av dens historie 1767-1886. 1944
  • Oppdagelser i Sydishavet fra middelalderen til Sydpolens erobring. 1946
  • Iran: Irans historie, religion, kultur- og litteraturhistorie fra oldtiden til Timur Lengs død. 1958. Manuskript
  • Fangst og forskning i Sydishavet. Gyldendal , 1930-1950 - 4 bind i 5
    • 1: Svunne dager. 1930.
    • 2: Nye tider. 1930.
    • 3, del 1: Antarktikas historie : (1502-1840). 1934.
    • 3, del 2: Antarktikas historie : (1840-1933). 1934.
    • 4: Antarktisk- og hvalfangstlitteratur. 1950

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra