Bjarne Brøndbo

norsk musikar

Bjarne Arnstein Brøndbo (fødd 19. september 1964) er ein norsk musikar og vokalist i rockegruppa D.D.E..

Bjarne Brøndbo

Fødd19. september 1964 (59 år)
FødestadNamsos
FødenamnBjarne Arnstein Brøndbo
OpphavNoreg
Aktiv1978–
Sjangerpop
Instrumentvokal
PlateselskapNorske Gram
Verka sommusikar, songar, skodespelar

Bjarne Brøndbo vart fødd i Namsos og voks opp i Overhalla. Han har tidlegare spelt i banda Humanic (1978–1984) og After Dark (1984–1991) som var forløparen til D.D.E.. Han vart vokalist i D.D.E. frå starten av i 1992 og speler òg trekkspel i bandet. Han har i tillegg hatt fleire soloprosjekt, og han har gjeve ut ein soloplate med namnet Salmar på ville vegar. I 2005 turnerte han og bandet saman med Carola Häggkvist.

Brøndbo er utdanna lærar. Ved sida av musikken driv han Namdal Bilopphuggeri. Han er gift og har tre born.

Bakgrunnsstoff

endre

Kjelde

endre